Aspmyra stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aspmyra stadion

Adresse Hålogalandsgata 1
8006 Bodø
Eigar Bodø kommune (speleflata)
Drift Bodø Spektrum KF
Brukarar Bodø/Glimt (fotball)
Underlag Kunstgras
Banestorleik 105 x 68 m
Kapasitet 8 270
Tilskodarrekord 12 189
Pris 140 mill (utviding 1999)
Historiske årstal
Påbegynt
1965
Opna
1966
Stengd

Aspmyra stadion er eit fotballstadion i Bodø med tilskodarkapasitet på 8 270 sitteplassar. Det er heimebane for fotballklubben Bodø/Glimt og blir også nytta til enkeltkamper for m.a. Grand Bodø og rugbyklubben Bodø Barbarians. Det første stadionet var eit fleirbruksstadion med løpebaner som stod ferdig i 1966. Det hadde ei hovudtribune i nord med om lag 2000 sitteplassar under tak og ståtribuner på trebenkar rundt løpebanene. Stadionet vart ombygd 1999-2001 for å møte UEFA sine krav for Europacupspel og fekk da ei ny hovudtribune i sør med nye garderober, VIP-losjer og klubbkontor. I tillegg vart det bygd ei tribune utan tak på kortsida i aust og eit forretningsbygg i vest, men inga tribune. Under denne ombygginga vart løpebanene på tre av sidene fjerna for slik at tribunene kunne byggast tettare på bana. Glimt bidro samtidig til bygging av eit nytt friidrettsstadion i bydelen Mørkved. Til saman gav ombygginga 4150 nye sitteplassar og stadion hadde etter dette ein kapasitet på 6 200 sitteplassar samt om lag 2 000 ståplassar framfor den gamle hovudtribuna. Talet på sitteplassar vart seinare redusert til 5 600 som følgje av restriksjonar på den gamle tribuna i nord. Glimts suksess og europakampar førte til at det i 2021 og -22 vart bygd nye tribuner med totalt ca. 2 600 plassar på vestre kortside og framfor den gamle tribuna i nord. Dette for å tilfredsstille UEFAs krav om minst 8000 sitteplassar i europeiske gruppespel.

Tilskodarrekorden er på 12 189 mot Viking FK i kvartfinalen i cupen i 1975. Etter ombygginga i 2001 er den best besøkte kampen ein landskamp mellom Noreg og Island i 2002 med 8 126 tilskodarar.[1]

Aspmyra har hatt kunstgrasdekke sidan sesongen 2006 og kunstgraset har vore skifta i 2014 og 2022.

Per 2022 vert det arbeida med planar om å bygge eit nytt stadion på ein annan plass i byen, ettersom fasilitetane på Aspmyra er mangelfulle og både omgjevnadane og eigarforholda gjer det vanskeleg å utvide stadion. Det nye stadionet er planlagt å ha tette hjørner og tak over alle tribuner for å skjerme mot vêret. Det er også tenkt å samlokalisere stadionet med fleire andre etterspurde idrettsanlegg i byen, som ishall og innandørs friidrettshall. Lokaliseringa er planlagt til eit jorde i utkanten av sentrum, og dette har skapt debatt om nedbygging av matjord.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Engen, Jørgen Kaasen (15. april 2014), «Aspmyra stadion | Bodø/Glimt», glimt.no / web.archive.org, arkivert frå originalen 15. april 2014, henta 8. april 2022 
  2. Guttormsen, Jakob (4. april 2022), «(+) Grillet om ny stadion i Bodø: – Viktig at vi skaper noe folk vil ha», Avisa Nordland (på norsk), henta 8. april 2022 

67°16′39″N 14°23′03″E / 67.27750°N 14.38417°E / 67.27750; 14.38417