Aspromonte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aspromonte er eit fjellmassiv i provinsen Reggio Calabria i Calabria sør i Italia. Namnet tyder «surt fjell», eit namn bøndene i området gav fjellet fordi det bratte terrenget og steinete overflata var vanskeleg å dyrke. Frå fjellet ser ein ut over Messinasundet mellom Det joniske havet og Tyrrenhavet, der elva Pietrace renn ut. Den høgaste toppen er Montalto (1 956 moh). Bergarten består hovudsakleg av gneis og glimmerskifer, som dannar karakteristiske overlappande terrassar. Massivet er ein del av Aspromonte nasjonalpark.

På den korte kyststripa vert det dyrka sitrusfrukter, vin og oliven, medan vegetasjonen i høgare område stort sett er eik og steineik under 1000 meter, og furu, siciliansk furu og bøk over dette. Den sjeldne bergamotten, ein sitronaktig frukt som vert nytta i parfyme og som smaktilsetting Earl Grey-te, veks berre sør i Aspromonte.

Attraksjonar i området er skisenteret Gambarie (1 311 m) og heilagdomen Madonna di Polsi i kommunen San Luca. Delar av innbyggjarane har halde på den greske kulturen og språket (såkalla griko).

Giuseppe Garibaldi gjekk i land her med 3000 frivillige i marsjen sin mot Roma. Han vart slått og fanga 29. august 1862 i slaget ved Aspromonte.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 38°10′N 16°00′E