Assisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Assisi

Assisi er ein by og ein kommune i provinsen Perugia i Umbria-regionen i Italia. Byen ligg på ei høgde i Apenninane, 424 meter over havet, om lag 19 kilometer søraust for provinshovudstaden Perugia. Kommunen har nær 28 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 186 km².

Frans av Assisi, som grunnla fransiskanar-ordenen i byen i 1208, var fødd i byen. Også Chiara d'Offreducci, som grunnla nonneordenen Klarissane, var fødd i Assisi. Hovudkyrkja i byen, Basilica di San Francesco d'Assisi frå 1200-talet, fekk store skadar ved eit jordskjelv 26. september 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]