Astarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Babylonsk framstilling av Astarte (påkledd)
Babylonsk framstilling av Astarte (naken)

Astarte eller Ashtoreth var ei grødegudinne hjå fønikarane og kanaaittane.

Astarte hadde likskapar med Mesopotamia si Ishtar og vart av egyptarane sett på som dronning av Byblos. I egyptisk mytologi var gudinna Isis tenarinne hjå Astarte sin son medan ho søkte etter maken sin, guden Osiris.

Astarte i egyptisk mytologi[endre | endre wikiteksten]

Astarte var dotter til guden Ptah. Ho var gift med Seth.

Astarte kan i førast attende til det gamle Egypt i på byrjinga av det attande dynastiet. Ho vart dyrka av eit semittisk folk i nordvest, ho vart dyrka som krigsgudinne.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.