Asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Asteroid)

Ein asteroide er eit lite, fast objekt i solsystemet vårt. Dei går i bane rundt sola. Ein asteroide er eit døme på ein småplanet (eller planetoide) som er mykje mindre enn planetane. Ein meiner at dei fleste asteroidane er rester etter den protoplanetæriske skiva som ikkje blei inkludert i ein planet i løpet av danningsprosessen. Nokre asteroidar har månar. Den store majoriteten av asteroidane er i asteroidebeltet, med elliptiske banar mellom banane til Mars og Jupiter.

Dette bildet av 433 Eros viser utsynet frå den eine sida av asteroiden over salforma på undersida til den motsette sida. Landformer ned til 35 m på tvers er synlege.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «asteroide», i tydinga stjerneaktig (frå gresk asteroeides, aster «stjerne» + -eidos «form, utsjånad»), blei fyrste gongen nytta i 1802 av Sir William Herschel rett etter at H. W. Olbers oppdaga den andre, 2 Pallas, den 28. mars same år. Dette beskreiv den stjerneaktige utsjånaden, alle andre planetar kunne ein nemleg sjå som skiver. Han introduserte au termen kjempeplanet. Den fyrste, vitskaplege tittelen som nytta dette ordet i tittelen blei publisert i 1840 av G. A. Erman.

Den presise definisjonen på ein asteroide er ennå ikkje bestemd. Omgrepet «småplanet» (eller planetoide) inneberer ikkje indikasjonar på samansettinga av objektet eller på kvar i solsystemet dei er. Derfor kan ein argumentere for at ikkje alle småplanetane skulle bli kalla «asteroidar».

Ein måte å klassifisere asteroidar er med omsyn til storleiken. Ein arbeidsdefinisjon er at asteroidar er større enn 50 m i diameter, noko som skil dei frå meteoroidar, som typisk er i kampesteinstorleik eller mindre. Skilnaden er hovudsakleg til fordi asteroidar er store nok til å overleve passasjen gjennom jordatmosfæren og slå ned i overflata rimeleg heil i motsetning til dei mindre meteoroidane som for det meste går i oppløysing høgt oppe i atmosfæren.

Difor vil det vera tryggast å nytte termen «asteroide» for objekt i solsystemet som er større enn meteoroidar, mindre enn planetar og danna av stein (ikkje is).

Sjå solsystemet for eit komplett oversyn over objekta i systemet vårt, og småplanet for ei oversikt over dei subplanetære objekta som inkluderer asteroidar.

Omgrepet kunstig asteroide blir ofte bruka om menneskelagde objekt som har endt opp i bane rundt sola, som til dømes Mariner IV-sonden.

Asteroidar i solsystemet vårt[endre | endre wikiteksten]

4 Vesta, ein av dei største asteroidane.

Mange hundre tusen asteroidar har blitt oppdaga i solsystemet vårt. Pr. 24. februar 2005 er 277 090 oppdaga, 99 906 asteroidar har fått utrekna banane sine godt nok til å få offisielle nummer, og 12 198 av desse har fått offisielle namn. Den fyrste nummererte men unamnsette småplaneten var (3360) 1981 VA, den siste nummererte og namnsette småplaneten var 95959 Covadonga.

Berekningar i dag setter totaltalet på asteroidar i solsystemet til fleire millionar. Den største lekamen i asteroidebeltet er dvergplaneten Ceres, med ein diameter på 900–1000 km. Dei to største asteroidane er 2 Pallas og 4 Vesta, begge har diametrar rundt 500 km. 4 Vesta er den einaste hovudbelteasteroiden som til tider er synleg frå jorda med nakne auget (sjå au 2004 MN4 som vil bli synleg nokre dagar i 2029).

Sjå au lista over asteroidar.

Asteroideklassifisering[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Asteroidespektralklassar.

Asteroidar vert klassifiserte etter farge, albedo og spektrallinjer. Desse eigenskapane er tenkte å ha samanheng med den kjemiske samansetninga til asteroideoverflata. Opphavleg var det tre asteroideklassar, baserte på meteorittypar:

Sidan har talet på asteroidetypar blitt mykje større. I dag vert to ulike skjema nytta side om side til å klassifisere asteroidar: Tholen og SMASS.

Prosentdelen av asteroidar som høyrer til kvar spektralgruppe speglar ikkje nødvendigvis den sanne fordelinga av asteroidar ettersom ikkje alle asteroidar er like enkle å oppdage - til dømes kan dei ekstremt mørke C-type-asteroidane ha ein albedo tilsvarande sot eller nylagt asfalt, og er såleis vanskelegare å oppdage enn andre, lysare asteroidar.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet