Astraia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå 5 Astraea.
Astraia

Identifisert medDike, Nemesis
MorThemis, Eos
FarZevs, Astraios
'Astraia forlet hyrdingane' av Salvatore Rosa. Måleri frå midten av 1600-talet.

Astraia (gresk Аστραια, 'stjernemøy', latin Astraea) er ei ung jente frå gresk mytologi som blei til stjernebildet Jomfrua.

Astraia er anten dotter av Zevs og Themis eller av Astrios og Eos. I ulike tekstar blir det fortald at ho var den siste av dei udøydelege som forlet dei stadig dårlegare menneskja ved slutten av gullalderen, også kalla Astraia-alderen. I eit dikt av Vergil ser han fram til tida då «jomfrua», eller rettferda, skal venda tilbake. Dette stykket er teke med på tidlege utgåver av USA sitt rikssegl og eindollarsetlar.

Astraia er blitt identifisert med den greske gudinna for rettvise, Dike. Ho blir ofte avbilda med ei vektskål og ei stjernekrone. Også på stjernehimmelen ligg Jomfrua like ved Vekta.

Under renessansen blei Astraia eit symbol på den kulturelle fornyinga i samfunnet. I England blei dronning Elisabet likna med henne som leiar for ein gullalder. I Spania blei ho knytt til Filip IV sitt styre. Frå 1607 til 1610 gav den franske forfattaren Honoré d'Urfé ein populær romanserie med tittelen L'Astree (Astraia).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Astraia