Astri Aasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astri Aasen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1875
Trondheim
Død

10. oktober 1935 (60 år)
Trondheim

Yrke fotograf, kunstmålar, retusjør
Astri Aasen på Commons
Under samemøtet i Trondheim i 1917 måla Aasen 10 bilete; bileta har sidan 1997 hange i Sametingsbygningen i Karasjok.

Astri Aasen (3. september 187510. oktober 1935) var ein norsk kunstnar som særleg dreiv med bildande kunst.

Astri Aasen voks opp i Trondheim med ein far, Nils, som var gullsmed. Familien vart hardt råka av sjukdom: Som toåring miste Astri mor si til tuberkolose, og tre av småsyskena hennar miste livet i perioden 1880-82. Dei to eldre systrene hennar døydde av lungebetennelse i 1892.

Astri var tidleg interessert i forming og handarbeid, og etter kvart fekk ho arbeide med retusjering hjå ein fotograf i Ålesund. Det vart tydeleg at ho hadde lag med det kunstnarlege, og i 1900 fekk ho si første skulering ved Asor Hansens malerskole i Bergen.

Året 1903 vart eit slags vendepunkt for Aasen. Da byrja ho som elev hjå Harriet Backer i Kristiania. Backer var den største kvinnelege målaren i Noreg på den tida, og kontakten med henne vart særs viktig for Aasen, som elles gjekk i eit mannsdominert kunstnarmiljø i Trondheim. I to periodar var Aasen elev ved Backers malerskole. Forholdet til Backer vart til eit livslangt venskap, og Backers oppmuntrande rettleiing verka frigjerande og utviklande for Aasen.

Etter kvart deltok ho fleire gonger på Høstutstillingen og hadde separatutstilling i Trondheim. Og som dei fleste kunstnarar reiste ho utanlands (Paris, Capri, Firenze, Napoli) og stilte også ut bilete rundt omkring i Europa.

Dei fleste som vurderer arbeida hennar, trekkjer fram dugleiken hennar som portrettør. Mange meiner også at det var som teiknar og grafikar at ho nådde lengst.

Systera skipa i 1943 eit legat, Astri Aasens gave, som gjev støtte til unge kunstnarar. Tildelingar skjer på Astris fødselsdag, den 3. september. I Trondheim er Astrid Aasens veg oppkalla etter henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]