Astrid Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Sandvik

Astrid Sandvik i 1963
Foto: Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1939 (84 år)
Oslo
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1956

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Astrid Olsdotter Sandvik, gift Moe (fødd 1. oktober 1939) er ein norsk tidlegare utfor- og slalåmkøyrar som representerte Oslo-klubben IL Heming.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Astrid Sandvik deltok for fyrste gong i OL under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Ho deltok både i utfor, slalåm og storslalåm, men det beste resultatet hennar vart ein sjetteplass i slalåmtevlinga. To år seinare deltok ho i ski-VM i Bad Gastein, der ho greidde ein fjerdeplass i slalåm og sjetteplass i utfor.[1] I januar 1959 vann ho både utfortevlinga og kombinasjonen under Hahnenkamm-renna i Kitzbühel, der ho vart nummer to i slalåm etter sveitsiske Annemarie Waser.[2]

Astrid Sandvik var også med for Noreg under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i dei same tre greinene, men den beste plasseringa hennar her vart nr. 19 i storslalåm. I 1962 gjekk det noko betre under ski-VM i Chamonix, då ho greidde ein fjerdeplass i slalåm.[3] Ho gjorde det godt i innanlandske tevlingar, og vann m.a. kongepokal under NM i storslalåm 1963. Frå 1961-1963 vann ho sju gonger Holmenkollen Kandahar, og vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1963.[4] Medaljen vart delt med Pavel Koltsjin, Alevtina Koltsjina og Torbjørn Yggeseth.

Dei siste olympiske leikane ho deltok i, vart vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Profil på fis-ski.com, arkivert frå originalen 7. oktober 2012, henta 15. april 2013 
  2. Arbeiderbladet 19.1.1959
  3. Profil på fis-ski.com, arkivert frå originalen 7. oktober 2012, henta 15. april 2013 
  4. Store Norske Leksikon om Astrid Sandvik. Forfattar: Rolf Bryhn

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]