Astrid Tveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Tveit
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juni 1957 (66 år)
Yrke høydehopper

Astrid Tveit (fødd 26. juni 1957) er ein norsk tidlegare høgdehoppar. I tida 1973-86 var ho mellom dei aller beste kvinnelege høgdehopparane i Noreg, og vart noregsmeister sju gongar. Tveit, som var medlem av Lillehammer IF og sidan IL i BUL, har ein personleg rekord i høgdehopp på 1,90 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tveit var 16 år gammal då ho vann si fyrste NM-medalje i seniormeisterskap. Same sesongen sette ho ein personleg rekord i høgdehopp på 1,75 m. Året etter forbetra ho den personlege rekorden til 1,80 m, tangering av noregsrekorden til Kari Karlsen. Tveit var då Noregs klart beste høgdehoppar på kvinnesida, ho tok i 1974-sesongen det fyrste av seks strake NM-gull i høgdehopp.

Den 1. juli 1976 sette Tveit norsk rekord med 1,83 m på Bislett stadion i Oslo. To dagar seinare forbetra ho rekorden til 1,84 m under eit stemne på Moelv. Særleg stor framgang hadde ho i 1977-sesongen. Tilbake på Moelv den 31. juli 1977 forbetra ho noregsrekorden med heile fem centimeter til 1,89 meter.

Mellom 1974 og 1982 deltok Tveit i alle dei tre europameisterskapane i friidrett i perioden, samt i sommar-OL 1976. Ho klarte å kvalifisere seg til finalen ein gong, då ho i EM 1978 gjekk over kvalifiseringshøgda 1,83 m. I finalen i Praha stoppa ho på 1,80 m og vart nummer ti.

Hennar beste høgdehopp på 1,90 meter kom 13. juni 1982 i Praha, eit hopp som var norsk rekord i fem år, til dess Hanne Haugland tok over som norsk rekordhaldar i høgde. Tveit er ein av sju norske, kvinnelege høgdehopparar som har gått over 1,90 m, Hanne Haugland, Tonje Angelsen, Anne Gerd Eieland og Stine Kufaas er dei fire som har hoppa høgre enn henne.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • NM gull: 1974-79, 1981
  • NM-sølv: 1982-83
  • NM-bronse: 1973, 1986

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]