Astrup Fearnley Museet

Koordinatar: 59°54′25″N 10°43′18″E / 59.90694°N 10.72167°E / 59.90694; 10.72167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrup Fearnley Museet
Museet på Tjuvholmen i Oslo, sett i retning av Aker brygge. Komplekset er teikna av arkitekt Renzo Piano.
Foto: Vidar Iversen
Land  Noreg
Kart
Astrup Fearnley Museet
59°54′24″N 10°43′17″E / 59.906666666667°N 10.721388888889°E / 59.906666666667; 10.721388888889
Wikimedia Commons: Astrup Fearnley Museum of Modern Art

Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst er eit privat kunstmuseum som ligg på Tjuvholmen i Oslo, etter å ha vorte flytta dit i 2012 frå dei opphavlege lokala i ein kontorbygning i nærleiken av Bankplassen i Oslo sentrum. Museet vart opna i Oslo sentrum i oktober 1993, og offisielt opna på Tjuvholmen 27. september 2012 av dronning Sonja, men for ålmenta laurdag 29. september 2012.

Museumsbygningane er skilde frå kvarandre med ein kanal med gangbru over, her sett i retning utover Oslofjorden. Den av bygningane som ligg ut mot Pipervika er omgjeven av ein grasplen med skulpturar, der det òg er laga til ei lita badestrand.
Foto: Vidar Iversen
Den fyrste bygningen som hysa museet var ein kontorbygning i strøket Kvadraturen i Oslo sentrum.

Museet på Tjuvholmen har tilhald i to åtskilde bygningar. Ein tredje bygning, som er ein kontorbygning, går arkitektonisk inn i komplekset, som er prega av fasadar i beisa, ståande, høvla trepanel med glasflater i store bogar som tak over, og ytre berande konstruksjonar av vertikale stålpillarar utstyrt med stag som stivar dei opp. Tanken bak arkitekturen er å poengtere det maritime som museets plassering ved sjøen innbyr til ved å late takflatene i glas illudere segla på eit seglskip, og stålpillarane mastene. Komplekset er teikna av arkitektfirmaet Renzo Piano Building Workshop i samarbeide med Narud-Stokke-Wiig i Oslo.

Astrup Fearnley Museet har ein viktig samling av samtidskunst, framfor alt av samtidskunst av kunstnarar frå Sambandsstatane, men syner òg fram norsk og internasjonal samtidskunst i vekslande utstillingar. Det vart lagt merke til at museet i 2002 kjøpte på ein auksjon i New York kunstverket Michael Jackson and Bubbles, ein særs stor porselensskulptur som den amerikanske kunstnaren Jeff Koons stod bak, til ein pris på meir enn 51 millionar kroner.

Museet er finansiert av etterkommarane etter skipsreiar Thomas Nicolay Fearnley ved at det vart skipa to stiftingar, som i 1995 vart slege saman til ei stifting. Thomas Nicolay Fearnley var son av målaren Thomas Fearnley.

Direktøren er Solveig Øvstebø.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Astrup Fearnley Museet», www.afmuseet.no, henta 26. mai 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°54′25″N 10°43′18″E / 59.90694°N 10.72167°E / 59.90694; 10.72167