Asveja

Koordinatar: 55°02′35″N 25°30′17″E / 55.04306°N 25.50472°E / 55.04306; 25.50472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asveja
innsjø
Land  Litauen
Utløp Dubinga
Lengd 21,9 km
Breidd 0,880 km
Areal 9,78 km²
Største djupn 50,2 m
Koordinatar 55°02′35″N 25°30′17″E / 55.04306°N 25.50472°E / 55.04306; 25.50472
Byar Dubingiai
Kart
Asveja
55°02′26″N 25°30′34″E / 55.040516°N 25.509396°E / 55.040516; 25.509396
Wikimedia Commons: Asveja

Asveja eller Dubingiaisjøen (litauisk Asveja eller Dubingių ežeras) er den lengste innsjøen i Litauen med ei lengd på 21,9 km eller 29,7 km medrekna buktene Žalktynė, Vyriogala og Dubingiai. Han har eit areal på 9,78 km² og eit djup på 50,2 meter, som er det tredje djupaste i Litauen. Han ligg delvis i Molėtai fylke, Švenčionys fylke og Vilnius fylke. Det alternative namnet kjem frå det historiske Dubingiai slott, som vart bygd på ei tidlegare øy i innsjøen, og den litle tettstaden Dubingiai som ligg ved innsjøen og er ein populær turistdestinasjon. Žeimena renn gjennom innsjøen og folk kan leige båtar eller kajakkar og ro eller padle ned elva til elva Neris.

Innsjøen vart danna av smeltevatn frå isbreane under den siste istida. Slike innsjøar liknar ofte elvar, dei er lange, smale og djupe. I 1992 vart Asveja regionpark oppretta for å verne økosystemet og landskapet.

Det går ei trebru over innsjøen. Ho vart bygd i 1934 og er framleis i bruk. President Antanas Smetona deltok i opninga av den førte brua over ein innsjø i Litauen. Brua er 84 meter lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]