Asylmottak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statleg mottak for asylsøkjarar, oftast berre kalla asylmottak, er eit frivillig butilbod til asylsøkjarar som kjem til Noreg, det vil seia til utanlandske personar som sjølve ber om vern som flyktningar. For dei som har fått opphaldsløyve og skal busetja seg i ein kommune, tek integreringa til det norske samfunnet til medan de oppheld seg i asylmottaket. Elles er det aktivitetstilbod til alle bebuarar. Nokre asylsøkjarar finn seg andre bustader på eiga hand, men dei fleste bur i mottak.

Transittmottak (transitt tyder gjennomreise) er mottakssentralar oppretta som fyrste opphaldsstad for nyankomne som ynskjer asyl, der dei er medan søknadane deira vert vurdert. Derifrå går vegen anten ut att av landet, til asylmottak eller private butilhøve.

Staten har ansvaret for å oppretta og betala for asylmottaka og organiserer og driv desse og resten av mottaksapparatet gjennom Utlendingsdirektoratet (UDI). UDI står også for utlendingskontrollen og informasjonsarbeidet. Det er i dag 110 asylmottak i Noreg fordelt på 99 vertskommunar over heile landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]