At the Zoo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| At the Zoo Singel av Simon & Garfunkel frå albumet Bookends |
||
| Utgjeve | mars 1967 | |
| Innspelt | januar 1967 | |
| Sjanger | Folkrock | |
| Lengd | 2:21 | |
| Selskap | Columbia Records | |
| Låtskrivar(ar) | Paul Simon | |
|---|---|---|
| Produsent | Simon & Garfunkel Roy Halee |
|
| Simon & Garfunkel-kronologi | ||
| «A Hazy Shade of Winter» (1966) |
At the Zoo | «Fakin' It» (1967) |
«At the Zoo» er ein song av Simon & Garfunkel, som dei gav ut som singel i 1967.
Songen er ein av Paul Simon sine mange hyllestar til heimbyen New York City. Han fortel om ein tur til Central Park Zoo, kanskje påverka av dop. I dyrehagen gjev han dyra forskjellige menneskelege eigenskapar, som gjev eit kynisk syn på menneska. Songen vart nytta i reklamar for Bronx Zoo og San Francisco Zoo seint i 1970-åra.
Singelen nådde 16. plass på den amerikanske singellista og var seinare gjeven ut på albumet Bookends i 1968.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «At the Zoo» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2010.