Athens i Georgia
| Athens-Clarke County | |
|---|---|
| Kallenamn «Classic City», «The Classic», «The Baby A» |
|
| Styresmakter | |
| Land Delstat |
USA Georgia |
| Grunnlagd | 1801 |
| Mayor (ordførar) | Heidi Davidson |
| Geografi | |
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
306,2 km² 305,0 km² 1,2 km² |
| Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
175 085 328,8/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 231 m |
| Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) |
| Diverse anna | |
| Telefon-retningsnummer | 706, 762 |
| Heimeside: http://www.athensclarkecounty.com | |
| Plassering | |
Athens er ein by i den amerikanske delstaten Georgia med eit areal på 306,2 kvadratkilometer og eit folketal på 175 085 (2006). Om lag 27 prosent av folkesetnaden i byen er afroamerikanarar. Av folkesetnaden lever om lag 29 prosent under fattigdomsgrensa.
Byen, som vart grunnlagt i 1801 som plass for University of Georgia, ligg i den nordaustlege delen av delstaten, om lag 65 kilometer frå grensa til Sør-Carolina og om lag 100 km aust for delstatshovudstaden Atlanta. På midten av 1800-talet vart byen kalla for Den sørlege Manchester på grunn av dei mange bomullsveveria.
1990 gjekk Athens og Clark County saman i éi felles administrativ eining.
[endre] Kultur
Byen er kjend for å ha eit veletablert musikkliv og spesielt på slutten av 1970-talet og tidleg på 1980-talet kom fleire nye store band fram, mellom dei R.E.M., The B-52’s og Love Tractor. Byen er også heimstad for skodespelaren Kim Basinger.
[endre] Kjelde
- Artikkelen var opphavleg basert på «Athens, Georgia» på Svensk Wikipedia.