Atlanterhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Atlanteren)
Atlanterhavet
Del av verdshavet
Kart
Atlanterhavet
0° N 30° W
Wikimedia Commons: Atlantic Ocean

Atlanterhavet eller Atlanteren er det nest største verdshavet, etter Stillehavet. Det utgjer om lag ein tredjedel av havflata i verda, og ein femtedel av heile jordoverflat

Havet er kalla opp etter titanen Atlas frå gresk mytologi, som stod i Gibraltarsundet og heldt himmelen på akslene sine. Sogeøya Atlantis har fått namn frå havet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Atlanterhavsbotnen. (Kjelde: NASA)

Havet blei til for rundt 55 millionar år sidan då den midtatlantiske ryggen tok til å opna seg. Denne nord-sørgåande sprekka i jordskorpa deler Atlanterhavet i to. Ho er fortsatt aktiv, og havet veks difor med rundt 2 cm i året.

Ekvator deler Atlanterhavet inn i ein nordleg og ein sørleg del. Den nordlege delen av havet har fleire bihav som Nordsjøen, Austersjøen, Middelhavet og Det karibiske havet. I sør er Guineabukta den største vika.

Havbotnen er relativt flat og det finst få øyar. Nokre av dei er Grønland, Island, dei britiske øyane, Færøyane, Rockall, Asorane, Madeira, Kapp Verdeøyane, Sao Tome e Principe, Newfoundland, Bermuda og Kanariøyane i nord og mindre vulkanøyar som Ascension Island, St. Helena, Tristan da Cunha og Bouvetøya i tillegg til Falklandsøyane og Sør-Georgia i sør.

Atlanterhavet har samband med Polhavet fire stader: Vest for Grønland gjennom det 60 km breie Hudsonsundet og det 200 km breie Davissundet, mellom Grønland og Svalbard gjennom Grønlandshavet, og gjennom Norskehavet mellom Noreg og Island. Det møter Stillehavet gjennom Drakesundet og den menneskeskapte Panamakanalen. I aust dreg ein skiljet mellom Atlanterhavet og Indiahavet ved 20° austleg lverden
Utsyn over Atlanterhavet frå Frankrike.
Foto: Claire Pouteau

Atlanterhavet har ei utrekna flatevidd på 106 millionar kvadratkilometer og ei kystlengde på 142 300 kilometer. 43 600 km høyrer til hovudhavet og 98 700 dei meir forgreina bihava.

Dei smalaste delane av havet er strekket på 2 800 kilometer mellom det sørlegaste punktet på Grønland, Kapp Farvel, og Noreg på 60° nordleg bredd, og det på 2970 kilometer mellom Sør-Amerika og Cabo de Sao Roque i Vest-Afrika.

Nokre grader nord og sør for ekvator, mellom Afrika og Amerika, ligg to område med skiftande vindar eller vindstille som blir kalla doldrums. Nord for dette området, til 30° nordleg breidd, går nordaustpassasjen, medan den sterkare og jamnare søraustpassasjen ligg sør.