Laks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Atlanterhavslaks)
Laks
Laks
Laks
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av laks
Utbreiinga av laks
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Protacanthopterygii
Orden: Laksefiskar Salmoniformes
Familie: Laksefamilien Salmonidae
Underfamilie: Salmoninae
Slekt: Salmo
Art: Laks S. salar
Vitskapleg namn
Salmo salar

Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.

Teikning av laks i sjøen.

Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.

På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengde inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil.[1][2][3] Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.

Det vert drive sportsfiske etter laks.

Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. oktober 2016, henta 8. januar 2017 
  2. «Bleke – Setesdalswiki», www.setesdalswiki.no, arkivert frå originalen 9. januar 2017, henta 21. juni 2022 
  3. http://www.vanerblanket.se/om-vanern/fakta-om-vanerlaxen/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laks