Atlantic Club Ridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°38′56″S 60°21′54″W
Atlantic Club Ridge
rygg
none
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Sør-Shetlandsøyane
 - høgd 161 moh
 - koordinatar 62°38′56″S 60°21′54″W
Administrert under Antarktistraktaten
Atlantic Club Ridge is located in Antarktis
Atlantic Club Ridge (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Atlantic Club Ridge (Vrah Atlantitsjeski Klub) er ein rygg med ei høgd opp mot 161 m på Hurd Peninsula aust på Livingston Island i Antarktis. I vest ligg ryggen oppom South Bay nord for Johnsons Dock og i sør grensar han til den nedre delen av Contellbreen, i aust til foten av Balkan snømark som fell ned mot Krum Rock og i nordvest til Sea Lion Tarn. Ryggen er snøfri om sommaren.

Den bratte nordsida av ryggen er knytt til Hesperides Hill til eit 52 meter høgt skard. Til minne om personane som organiserte dei bulgarske ekspedisjonane til Antarktis frå 1993 til 1996, vart namnet Atlantic Club opphavleg gjeve i 1994 til ein isbre i nærleiken, men sidan denne alt hadde eit spansk namn (Glaciar Contell), vart namnet overført til denne ryggen.

Ryggen er 600 meter lang og 350 meter brei og går frå nordaust til sørvest. Han ligg 730 m søraust for Hespérides Point, 950 m sørvest for Sinemorets Hill og 1,29 km nordvest for det høgaste punktet på Charrúa Ridge (333 moh).

Ryggen vart kartlagd i detalj av spanske Servicio Geográfico del Ejército i 1991.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]