Atlantika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atlantika var eit tidlegare kontinent som ein meiner oppstod for om lag 2 milliardar år sidan. Om lag 200 millionar år seinare vart det ein del av det store superkontinentet Columbia. 300 million år etter dette igjen braut Columbia opp i mindre landmassar og Atlantika vart ein del av det mindre superkontinentet Nena, i lag med Baltica, Arktika og Den austantarktiske kratonen. For 1,1 milliardar år sidan, eller 400 millionar år etter at Columbia braut opp, vart superkontinentet Nena ein del av det store superkontinentet Pannotia.

I kambrium braut Pannotia opp i mindre landmassar og Atlantika vart ein del av det mindre superkontinentet Gondwana. Gondwana vart så igjen ein del av det store superkontinentet Pangaea i permtida, som braut opp igjen i juratida. Gondwana delte seg vidare opp i krittida, og restane av Atlantika fordelte seg på dei moderne kontinenta Afrika og Sør-Amerika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]