Atlantikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauvtak i temperert skog, som spreidde seg nordover i atlantikum.

Atlantikum var den varmaste og fuktigaste kronosonen i holocen i Nord-Europa. Perioden varte frå 8000 til 5000 år sidan og klimaet var generelt varmare enn i dag. Det kom etter boreal som hadde eit klima som var ganske likt dagens klima, og vart etterfølgd av subboreal, som var ein overgang til det moderne klimaet. Fordi dette var den varmaste perioden i holocen vert han ofte berre kalla eit klimaoptimum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]