Atlasfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atlasfjella med namn på dei mindre kjedene.
Kart og satellittbilete av Atlasfjella i Marokko.

Atlasfjella (جبال اطلس) er ei fjellkjede nordvest i Afrika. Ho strekkjer seg omtrent 2 400 km gjennom Marokko, Algerie og Tunisia, og skil sørkysten av Middelhavet frå Sahara-ørkenen. Den britiske kolonien Gibraltar på andre sida av Gibraltarsundet er også del av fjella.

Fjellkjeda er delt inn i Riffjella lengst i nord, deretter Mellom-Atlas, Høge Atlas og Anti-Atlas. I Algeri skil ein mellom Tell-Atlas langs kysten og Sahara-Atlas som ligg inne mot ørkenen. Den høgaste toppen i Atlasfjella er Jbel Toubkal (4 167 moh) i den sørvestre delen av Marokko, den andre største er M'Goun på 4 071 moh.

Atlasfjella oppstod på same tid som Alpane og er bygd opp av sterkt folda bergartar.

Innbyggjarane i fjella er hovudsakleg berbarar i Marokko og arabarar i Algerie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Atlasfjella