Atlaskgartnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atlaskgartnar

Status i verda: LC Livskraftig

HannfuglFoto: Brett Donald
Hannfugl
Foto: Brett Donald

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Ptilonorhynchidae
Slekt: Ptilonorhynchus
Art: P. violaceus
Vitskapleg namn
Ptilonorhynchus violaceus
GR Gray, 1841

Atlaskgartnar, Ptilonorhynchus violaceus, er ein medlem av gartnarfamilien, og er endemisk til Aust-Australia. Han er vanleg i regnskog og høg, våt sklerofyllskog i austlege Australia frå det sørlege Queensland til delstaten Victoria. Det finst òg ein isolert bestand i tropisk regnskog i nordre Queensland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hofugl
Foto: Tatiana Gerus

Eldre hannar av atlaskgartnaren har klåre blå auge og er jamt farga svart, men lysdiffraksjon i overflatestrukturen av fjørene gjev ein nesten metallisk glans med ein djup skinnande blå utsjånad.[1]

Hoene kan forvekslast med grønkattefugl eller svartørekattefugl med karakteristisk grøn til brun eller annan måte heilt brune overside og lysare underside med ein distinkte skjelforma eller nettmaska mønster, og med svært slåande lillafarga auge.[1]

Umodne hannar er farga og merkt som hoer og blir ofte forveksla med dei.[1]

Atlaskgartnaren utmerkar seg ved å ha heile 14 armsvingfjører.[2] Det mest vanlege blant sporvefuglar er 9 armsvingfjører.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Som alle gartnarar viser atlaskgartnaren svært komplekse frieri åtferd. Partnarval blant atlaskgartnar har vorte studert i detalj av ei gruppe forskarar ved University of Maryland. Hannar byggjer spesialiserte trepinnestrukturar, kalla hytte, som dei pyntar med blå, gule og skinnande gjenstandar om desse er tilgjengelege, blant anna bær, blomar og til og med kulepennar, sugerøyrer og andre kasserte plastgjenstandar. Som hannane mognast vil dei bruke fleire blå objekt enn av andre farger. Hoene vitjar desse og vel kva for hannfuglar dei vil tillate å pare seg med. I tillegg til å byggje hytte, utfører hannar intense åtferdsmessige oppvisingar for å kurtisere hoer, men desse kan bli oppfatta som trugsmål av hoene. Hoene byggjer reiret og rugar åleine. Nyare forsking har vist at hoene vel ut partnaren i tre fasar:

  • Vitjing til hytte, før reiret har vorte bygd, medan hannane er fråverande
  • Vitjing til hytte, før reiret har vorte bygd, medan hannane er til stades og gjer oppvisingar
  • Vitjing til eit utval av hytter, etter reir har vorte bygd, som fører til paring, vanlegvis med ein einskild hann.

Eksperimentelle manipulasjonar av pynt rundt hyttene, har vist at unge hoer, dei i sitt første eller andre hekkeår, er hovudsakleg påverka av utsjånaden på hytta, og dermed av den første fasen av denne prosessen. Eldre hoer, som er mindre påverka av det trugande aspektet av oppvisingar frå hannane, gjer vala sine meir på basis av den dansande oppvisinga frå hannfuglane.

Ein sjeldan naturleg hybrid mellom atlaskgartnar og regentgartnar er kjent som Rawnsley's Bowerbird i Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Schodde, Dr R & Tidemann, Dr S. (Editors), The Reader's Digest Complete Book of Australian Birds, 2nd Edition, Revised 1988, Reader's Digest (Australia) Pty Ltd, Ultimo, NSW, Australia, p. 589, ISBN 978 0 949819 99 4
  2. Clench, Mary Heimerdinger; Oliver, L. A. Jr.; Gill, F. «Passeriform». Encyclopædia Britannica Online.. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]