Atle Hansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atle Hansson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1971 (52 år)
Os
Yrke illustratør

Atle Hansson (fødd 9. oktober 1971 i Os) er ein norsk illustratør, avisteiknar og vevdesignar. Han er utdanna biletkunstnar frå École des Beaux-Arts du Valais i Sveits. Han er sjølvlært som illustratør, og har arbeidd som frilansar sidan 2001. Hansson nyttar varierte teknikkar, både manuelle (akvarell, tusj, blyant, gouache, akryl) og digitale (vektor, digitalt maleri). Illustrasjonane er ofte fargesterke og uttrykksforma kan gjerne vera enten humoristisk, konseptuell eller realistisk. Han tidlegare fast bidragsytar til fleire aviser og tidsskrift, og teikna illustrasjonar til bøker, brosjyrar, katalogar, presentasjonsmateriell m.m.[1]

Hansson står bak nettstaden Frilansinfo.no[2] der han gjev hjelp og informasjon til frilansarar, og har dessutan skrive boka Frilans! En komplett håndbok for frilansere (Pourquoi Publishing, 2008, 2. utgave 2011)[3][4][5]. Frå 2010 har han jobba som vevdesigner og var med på å byggja opp det norske programvareselskapet Conta Systemer AS. Der vart tanken frå Frilansinfo.no om å hjelpa sjølvstendig næringsdrivande og andre småfirma vidareført, mellom anna med det gratis fakturaprogrammet Conta Faktura. Conta Systemer vart i 2016 slått saman med rekneskapskjeda Chimaera til Conta Group AS.

Bokillustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Elisabeth Ellingsen og Kirsti Mac Donald: Her på berget læreverk i norsk/samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (Cappelen, 2008)
  • Kjetil Brattlien: Den lille snøskredboka Alt du trenger å vite om snøskred på en enkel måte (Fri Flyt, 2008 (5. opplag 2017))
  • Lena Fauske og Øyvind S. Bruland (red.): Førstehjelp på tur (Fri Flyt, 2007)
  • Markus Landrø: Skredfare – håndbok om snøskred for frikjørere (Fri Flyt, ny utgave 2007)
  • Eva Finsvik Andersen og Blanca Bali: Anflug 2 læreverk i tysk for vidaregåande skule. (Cappelen, 2007)
  • Eva Finsvik Andersen og Blanca Bali: Ankunft 2 læreverk i tysk for vidaregåande skule. (Cappelen, 2007)
  • Magnus Buflod, Knut Anders Sannes og Kristoffer Aasebø: Paragraf 1 rettslære for vidaregåande skule. (Cappelen, 2007)
  • Erling Kagge og Leif A. Dramstad (red.): Barnas Store Sangbok (JM Stenersens Forlag, 2005) (med Thorbjørn Egner, Kristin Granli, Paul René Gauguin, m.fl.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Illustrasjon.net (arkivert)». web.archive.org. Arkivert frå originalen 15. september 2011. Henta 23. august 2021. 
  2. «Frilansinfo.no | Informasjonsportalen for frilansere». Frilansinfo.no (på norsk bokmål). Henta 23. august 2021. 
  3. «Frilansboka.no» (på norsk bokmål). Henta 23. august 2021. 
  4. «Frilans! - en komplett håndbok for frilansere (og for deg som vil bli det) av Atle Hansson». bokelskere.no. Henta 17. juli 2019. 
  5. «Frilans!». Tanum. Pourquoi Publishing | språk=no. 2008. Arkivert frå originalen 17. juli 2019. Henta 17. juli 2019.