Atollen Kanton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Kanton
Posisjonen til Kanton

Kanton (òg kalla Canton Island, Abariringa Island, Mary Island, Mary Balcout Island eller Swallow Island) er den størstre og nordlegaste av Phoenixøyane i Republikken Kiribati. Øya er ein atoll i det sørlege Stillehavet om lag midt mellom Hawaii og Fiji, og er 33 km lang. Per i dag er ho den einaste av Phoneixøyane som er busett, og i 2005 budde det 41 menneske her, i forhold til 61 i 2000. [1]. Landsbyen på øya heiter Tebaronga.

Kanton vart oppdaga av forskjellige amerikanske kvalskip, første gong i 1820. Britane gjorde òg krav på øya på 1850-talet. Kanton fekk namnet sitt frå kvalskipet Canton, som gjekk på grunn her 4. mars 1854.

6. august 1936 la Storbritannia ned eit offisielt krav om øya, og besøkta øya fleire gongar dei neste åra. 31. august 1937 vart det plassert to radiotelegrafistar her. Trass i kravet til britane kom sju amerikanarar til øya 7. mars 1938. Begge land heldt fram med å okkupere øya til april 1939 då dei to partane vart einige om eit fellesstyre av denne øya og øya Enderbury som ligg 63 km unna.

Pan American World Airways kom til øya 18. mai 1939 for å byggje ein mellomstasjon for sjøfly. Fleire fly mellomlanda her fram til 1941 før USA vart ein del av Andre verdskrig. Under krigen bygde den amerikanske marinen ei 2000 m lang flystripe på øya, som vart ein mellomstasjon for flyturar mellom USA og Australia. I tillegg var øya utgangspunkt for angrepet på Gilbertøyane, som japanarane styrte over.

Etter krigen heldt Pan Am fram med å bruke Kanton som mellomstasjon for flyreiser over Stillehavet, og dette heldt fram til 1958 då flya etter kvart kunne fly over havet utan mellomlandingar.

I 1960 bygde NASA ein bakkestasjon her for å følgje Mercuryprogrammet, og vart brukt til november 1965. Etter at NASA drog bort frå øya, og britane la ned postkontoret her i 1968, vart landsbyen nærast ein spøkelsesby. Postkontoret vart opna igjen av regjerninga i Kiribati då dei fekk sjølvstende i 1979, og etter kvart byrja enkelte folk å flytte hit frå dei meir overfylte Gilbertøyane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]