Atom Heart Mother

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atom Heart Mother
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 2. oktober 1970
Innspelt Mars til august 1970
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger
Lengd 52:06
Selskap
Produsent Pink Floyd, Norman Smith (leiande produsent)
Pink Floyd-kronologi 
Ummagumma
(1969)
Atom Heart Mother Meddle
(1971)


Singlar frå Atom Heart Mother
  1. «Summer '68»
    Utgjeve: 10. oktober 1970

Atom Heart Mother er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut på Harvest den 2. oktober 1970 i Storbritannia og på Capitol den 10. oktober 1970 i USA.[2] Det vart innspelt i Abbey Road Studios i London i England, og var det første albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia, medan det nådde 55. plassen i USA. Til slutt selde det til gullplate der.[3] Ron Geesin, som alt hadde vore ei inspirasjonskjelde og samarbeidd med Roger Waters, medverka på tittelsporet og står oppført som komponist i lag med resten av bandet.

Plateomslaget vart designa av Hipgnosis og var det første utan noko fotografi av bandet. Dette var ein trend dei fortsette med ut karrieren.

Sjølv om det selde godt då det kom, har bandet, særleg Waters og David Gilmour, vore negative til albumet i nyare år.[4][5] Likevel har det vore populært nok til at Gilmour framførte tittelsporet med Geesin i 2008.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters på scenen i Leeds University, 28. februar 1970. Ein av dei første konsertframføringane av tittelsporet var på denne konserten.

Pink Floyd byrja å arbeide på albumet etter å ha spelt inn sine bidrag til filmen Zabriskie Point i Roma, som enda med noko bitterheit. Dei drog attende til London tidleg i 1970 for å øve. Fleire av dei unytta opptaka frå Roma-innspelingane vart nytta til å setje saman nytt materiale under desse øvingane, men somme av desse, som «The Violent Sequence», som seinare vart til «Us and Them», vart ikkje brukt på ei tid.[6]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Tittelsporet til Atom Heart Mother oppstod frå ei rekkje instrumentalar som bandet hadde komponert under desse øvingane, mellom anna akkordprogresjonen til hovudtemaet, som gitaristen David Gilmour hadde kalla «Theme from an Imaginary Western»,[7][8] og den tidlegaste dokumenterte framføringa av denne var 17. januar 1970[8] ved Hull University.[9] Bandet følte at konsertframføringane utvikla stykket til ei handterbar form.[6] Innspelinga av sporet tok til i Abbey Road Studios i London, og var noko strevsam, sidan det var den førte innspelinga med ein ny 8-sporsopptakar og EMI TG12345 transistorbaserte miksebord (8-spor, 20 mikrofoninngangar) i studio, og som følgje av dette insisterte EMI på at bandet ikkje fekk lov å kutte opp lydbandet for å redigere stykka saman. Derfor hadde ikkje bandmedlemmane Roger Waters og Nick Mason noko anna val enn å spele høvesvis bass og trommer for heile det 23 minuttar lange stykke i ein omgang. Dei andre instrumenta til bandet vart lagt til sidan. Mason hugsa at mangelen på nøyaktig tempo skapte problem for dei seinare.[6]

Innan mars hadde dei fullført innspelinga av sporet,[10] men følte det var heller ufokusert og trengde noko anna. Bandet hadde blitt introdusert for Ron Geesin via turnémanageren til Rolling Stones, Sam Cutler, og var imponert over komposisjonane hans og måten hand handterte lydbandredigering på, særleg Waters og Mason.[6] Geesin fekk overlevert heile sporet som bandet hadde spelt inn og spurt om å komponere eit orkesterarrangement over dette, medan bandet drog på turné til USA.[6] Geesin skildra komponeringa og arrangementa som «veldig mykje arbeid. Ingen visste kva dei ønskte, dei kunne ikkje lese notar …»[10] I følgje han kom Gilmour opp med somme melodilinjer, medan dei to og klaverspelaren Richard Wright arbeidde med den midtre kordelen.[8][11] Då dei skulle spele inn arbeidet hans i juni med EMI Pops Orchestra,[5] var musikarane som deltok lite nøgd med å måtte spele avantgarde musikk i staden for klassiske verk og komponert med at delar av stykke var vanskeleg å framføre, sjikanerte dei han under innspelinga. John Alldis og koret hans song òg på sporet og Alldis hadde erfaring med orkestermusikarar og leia innspelinga i staden for Geesin.[6][12]

Sporet heitte opphavleg «The Amazing Pudding», men i dei opphavlege notane til Geesin stod det «Untitled Epic».[8][13] Ein utbetra versjon (med Geesin sine parti) vart framført på Bath Festival of Blues and Progressive Music den 27. juni.[12][14] Namnet vart endra etter at bandet skulle spele på ein «in concert»-sending for BBC Radio 1 den 16. juli 1970, og trengde ein tittelen som John Peel kunne annonsere. Geesin peikte på ei utgåve av Evening Standard, og føreslo at Waters kunne finne ein tittel der. Overskrifta var «ATOM HEART MOTHER NAMED», ein artikkel om ei kvinne som hadde fått ein atomdriven pacemaker.[15][16] Det vart halde ein gratiskonsert i Hyde Park i London i juli 1970 arrangert av dei tidlegare Floyd-managerane Peter Jenner og Andrew King, med Geesin i publikum, som var sjokkert over framføringa.[14][12][17]

Slik stykket vert presentert på det ferdige albumet er ei utvikling frå dei tidlege instrumentale stykka til Pink Floyd, som «A Saucerful of Secrets» eller «Interstellar Overdrive». «Atom Heart Mother» tar opp heile side ein av albumet og var delt inn i seks delar, som kvar hadde sin eigen tittel. Geesin valde å kalle opningsdelen «Father's Shout» etter Earl «Fatha» Hines, medan andre namn som «Breast Milky» og «Funky Dung» var inspirert av plateomslaget.[5] Orkesterarrangementa med fullt hornorkester,[11] ein cello[18] og det 16 mann store John Alldis-koret,[19][20] som spelar og syng dei fleste melodilinjene, medan Pink Floyd berre akkompagnerer,[11] var motsett av det som var vanleg i 1960-åra der orkesteret var i bakgrunnen og bandet i framgrunnen.[21]

Side to[endre | endre wikiteksten]

Innan 1970 hadde Rick Wright byrja å bruke eit Hammond M102-orgel fast på scenen, og vert mykje brukt på dette albumet.[22]

Konseptet på dette albumet var mykje likt det førre albumet, Ummagumma, sidan det fokuserer på songar av kvart enkeltmedlem på andre halvdel.[21][23] Side to opnar med tre fem minuttar lange songar, ein kvar av dei tre faste låtskrivarane til bandet, og avsluttar med ein suite av lydeffektar, hovudsakleg sett saman av Mason,[24] men tilskriven heile gruppa.[21] Waters bidrog med ei vise kalla «If», framført på akustisk gitar.[21][25] Pink Floyd spelte sjeldan denne songen på konsertane, men Waters har spelt han ein del på solokonsertane[25] under Radio K.A.O.S.-turneen meir enn eit tiår seinare. Denne vart etterfølgd av Wright sin «Summer '68», som òg nyttar blåseinstrument. Denne kom ut på singel i Japan i 1971,[26] og var det einaste sporet på albumet som ikkje vart framført på konsertane deira. Songen handla visstnok om eit møte mellom Wright og ein groupie under ein turné, og hadde arbeidstittelen «One Night Stand».[27]

I følgje Mason, fekk Gilmour, som hadde skrive få songar på den tida, beskjed om å bli verande i Abbey Road fram til han hadde skrive ein song som passa inn på albumet. Han kom med den viseaktige «Fat Old Sun»,[21] som han framleis omtaler som ein av dei personlege favorittane sine.[6] Songen vart spelt fast under konsertane deira i 1970-1971 og vart òg framført av Gilmour på turneen hans i 2006.[28]

Det siste sporet, «Alan's Psychedelic Breakfast», er delt inn i tre delar, kvar med sin eigen, skildrande tittel, i lag med dialog og lydeffektar frå scenearbeidaren Alan Styles som lagar og et frukost medan han pratar.[29] Ideen for stykket kom til då Waters eksperimenterte med rytmen til ein drypande spring,[30] i lag med lydeffektar og prat innspelt av Mason på kjøkenet hans[30] blanda med musikk innspelt i Abbey Road.[31] Ein lett omarbeidd versjon vart framført på scenen 22. desember 1970 i Sheffield City Hall i Sheffield i England der bandmedlemmane tok pausar mellom stykka for å ete frukost. Den originale LP-versjonen endar med lyden av den drypande springen i ei indre vinylrille som gjekk i det uendelege fram til plata vart stoppa manuelt.[14][32]

Den opphavlege frontmannen i Pink Floyd, Syd Barrett, spelte inn albumet sitt Barrett kring same tida som Atom Heart Mother, med assistanse frå Gilmour og Wright. Han vitja stundom det gamle bandet sitt for å sjå kva dei heldt på med.[18]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Ku av same slaget som blei vist på plateomslaget til Atom Heart Mother.

Det originale plateomslaget vart designa av Hipgnosis og syner ei holstein-frisisk ku som står i ei eng utan noko tekst eller hint til kva som er på albumet.[30][33] Somme seinare utgåver hadde tittelen og artistnamnet på framsida. Dette konseptet var ein reaksjon på at dei vart omtalt som psykedelisk space rock. Bandet ønskte å utforske alle typar musikk utan å vere avgrensa av eit særskild image eller spelestil. Dei bad derfor om «noko enkelt» på framsida, som då enda opp med å vere eit bilete av ei ku.[30][33] Storm Thorgerson var inspirert av den kjende ku-tapetet til Andy Warhol og sa at han berre køyrde ut på landsbygda nær Potters Bar og fotograferte den første kua han såg.[30][33] Eigaren av kua har identifisert ho som «Lulubelle III».[30][33][34] Fleire kyr er avbilda på baksida, igjen utan tekst eller titlar, og på innsida av omslaget. Ein rosa ballong forma som juret på ei ku følgde òg albumet som eit ledd i marknadsføringskampanjen til Capitol for bandet i USA.[30][33][35] Teksten i seinare CD-utgåver inneheldt oppskrifta for eit tradisjonell beduinsk bryllaupsmåltid på eit kort kalla «Breakfast Tips».[36] Oppskrifta var ein fylt kylling inni eit lam, inni ei geit, inni ein kamel, som så skulle grillast. Thorgerson snakka om omslaget i ettertid: «Eg trur kua representerer ein del av humoren til Pink Floyd, som eg syns ofte er undervurdert eller lite omtalt.»[37]

I midten av 1970-åra kom ei piratkopiplater med sjeldne singlar og B-sider kalla The Dark Side of the Moo med eit liknande omslag. Som Atom Heart Mother stod det ingenting på omslaget, men denne gongen var det for å bevare anonymiteten til personen som hadde laga plata.[38] Plateomslaget til The KLF-albumet Chill Out var òg inspirert av Atom Heart Mother.[39]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[40]
Christgau's Record GuideD+[41]
The Daily Telegraph2/5 stars[42]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[43]
The Great Rock Discography7/10[43]
MusicHound Rock2/5[44]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[45]
Sputnikmusic3/5[46]
Classic Rock3.5/5 stars[47]

Atom Heart Mother vart gjeven ut 2. oktober 1970 i Storbritannia og 10. oktober i USA.[48] Det gjekk til topps i Storbritannia[49] og nådde 55. plassen i USA.[50] Det kom ut i kvadrofonisk format i Storbritannia,[30] Tyskland[51] og Australia.[52] Ei ommastra utgåve kom ut på CD i 1994.[53] Mobile Fidelity Sound Lab gav ut ein 24-karats gull-CD i USA i 1994.[54] Som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...? vart plata ommastra og gjeven ut på ny i 2011.[55] Albumet vart nok ein gong gjeven ut att i 2016 på etiketten Pink Floyd Records.[56]

Kritikarane har alltid hatt forskjellige reaksjonar til suiten og alle bandmedlemmane har sidan uttrykt seg negativt.[16] Gilmour har sagt at albumet «berre var søppel. Me var langt nede på den tida ... eg trur me skrapa botnen av tønna.»[4] og «det var ein god idé, men resultatet vart forferdeleg... Atom Heart Mother høyrest ut som alle mangla gode idear, men me vart mykje betre etter det.»[57] I eit intervju i 1984 på BBC Radio 1 sa Waters «Om nokon hadde sagt til meg no - ok - her er ein million pund, gå ut og spel Atom Heart Mother, ville eg sagt det var ein jævla spøk.»[5]

I ei melding i 1970 vurderte Alec Dubro i Rolling Stone Atom Heart Mother negativt og skreiv «om Pink Floyd leitar etter nye dimensjonar, så har dei ikkje funne dei her.»[58] I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau at suiten var lettare å fordøye enn songane på andresida: «Ja, dei let eit anonymt, dels klassisk kor gjere synginga, og ja, dei fekk truleg dei same blåsarane på same stad. Men i det minste har suiten eit par av dei hypnotiske melodiane som gjorde Ummagumma eit så bra album å sovne til.»[41]

Konsertframføringar[endre | endre wikiteksten]

Bandet var i starten entusiastiske til å spele heile suiten. Ei tidleg utgåve vart teken opp for fjernsynsstasjonen KQED i San Francisco med berre bandet, den 28. april 1970.[59] To store framføringar vart haldne på Bath Festival of Blues and Progressive Music den 27. juni og «Blackhills Garden Party» i Hyde Park i London den 18. juli. Ved begge høve hadde dei med seg John Alldis Choir og Philip Jones Brass Ensemble.[60] Seinare tok bandet med seg eit heilt blåseorkester og kor på turné for å framføre dette stykket.[14] Men dette førte til at dei tapte pengar på turneen og bandet hadde problem med dei innleigde musikarane som skifta frå konsert til konsert, sidan dei berre tok dei som var tilgjengelege. Mangelen på øving og problem med å få nok mikrofonar til heile koret så ei full framføring var vanskeleg. Gilmour snakka om dette og sa «somme i blåserekkja har vore heilt håplause».[31] I følgje Mason kom bandet til ein konsert i Aachen i Tyskland, og oppdaga at musikarane hadde gløymt notearka heime, slik at turnémanageren Tony Howard måtte reise attende til London for å hente dei.[6]

Eit seinare arrangement utan blåsarar eller kor og kutta ned frå 25 minutt til femten utan «kollasjen» og avslutninga, vart verande i konsertrepertoaret til bandet fram til 1972. Dei første konsertutgåvene av The Dark Side of the Moon i Brighton vart stoppa halvvegs og etter ein pause spelte bandet Atom Heart Mother i staden for.[61] Siste gongen Pink Floyd framførte verket var 22. mai 1972 på Olympisch Stadion i Amsterdam i Nederland.[62]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Stanley Kubrick ønskte å bruke tittelsporet på albumet i A Clockwork Orange.[30] Gruppa avslo, dels fordi Kubrick var usikker på kva delar av musikken han ønskte og kva han ønskte å gjere med dei. Seinare sa Waters «kanskje det var like greit han ikkje brukte det».[31] Uansett er albumet synleg bak disken i platebutikken i filmen.[63]

Det amerikanske deathgrind-bandet Cattle Decapitation parodierte plateomslaget i 2004 på albumet Humanure.[64]

Den 14. og 15. juni 2008 framførte Geesin «Atom Heart Mother» med det italienske hyllestbandet Mun Floyd på tok konsertar under Chelsea Festival.[65] Geesin introduserte det med ein historie og eit slideshow. Med på framføringa var kammerkoret Canticum,[66] og hornspelar og cellisten Caroline Dale, som har arbeidd med Gilmour. På den andre konserten vart Gilmour med på scenen for framføringa, då stykket vart strekt ut til 30 minuttar.[67]

I 2013 gav Geesin ut boka The Flaming Cow, som dokumenterte opplevinga hans med Pink Floyd, inkludert korleis han såg på skapinga av dette albumet.[68]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Atom Heart Mother[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Musikkstykket Atom Heart Mother.

If[endre | endre wikiteksten]

Songen er ei roleg vise av Waters som handlar om sjølvanalyse. Songen vart berre spelt på konsert ein gong, og det var på John Peel sitt radioprogram 16. juli 1970]] i London. Waters har derimot spelt songen fleire gangar på soloturnéane sine.[69] Sidan Waters spelte akustisk gitar, spelte Wright bass på dette sporet.

Summer ’68[endre | endre wikiteksten]

Richard Wright skreiv denne songen som handlar om eit seksuelt møte, truleg med ein kvinneleg tilhengjar, og det vanlege livet etter.[70] Den rolege pianointroen står i kontrast til den rike og Ennio Morricone-liknande trompetsoloen i midten og slutten av songen. Songen hintar òg om at det er keisamt å turnere og eit ønske om å rømme frå alt saman: «My friends are lying in the sun, I wish that I was there...»

Fat Old Sun[endre | endre wikiteksten]

Gilmour spelar alle instrumenta på dette sporet, bortsett frå tangentinstrumenta som er spelt av Wright. Songen vart spelt mykje på konsertar i ein mykje lengre versjon som ofte varte opp mot 15 minutt. I 2006 spelte David Gilmour songen på sine turnéar. Songen kan kanskje best skildrast som ein hymne til landsbygda (som t.d. «Grantchester Meadows») med ein dempa og likevel skarp melodi og tekst.

Alan's Psychedelic Breakfast[endre | endre wikiteksten]

Dette musikkstykket er i hovudsak Pink Floyd som spelar musikk medan scenearbeidaren Alan Stiles snakkar om frukosten han held på å lage og så et, i tillegg til frukostar han har hatt tidlegare. («Breakfast in Los Angeles. Microbiotic stuff...»). Det er lange pausar før det første, og mellom alle tre, instrumentalpartia der ein berre høyrer Alan som mumlar og flyttar seg rundt på kjøkenet. Gjennom store delar av stykket kan ein høyre ekkoet av setningar Stiles seier, som t.d. «Microbiotic stuff». Dei tre delane av songen er:

Rise and Shine[endre | endre wikiteksten]

Partiet inneheld piano, orgel, steelgitar og elektrisk gitar gjennom ein Leslieforsterkar.

Sunny Side Up[endre | endre wikiteksten]

Dette partiet vart skriven og framført av David Gilmour aleine på to akustiske gitarar og ein steelgitar. Songen hintar fram mot songen «A Pillow of Winds» på Meddle året etter.

Morning Glory[endre | endre wikiteksten]

Dette stykket vart framført av heile bandet utanom Roger Waters. Hovudinstrumentet er Wright sitt piano, som er spelt inn tre gonger (ein i venstre, ein i midtre og ein i høgre lydkanal). Partiet har òg ein markant bass, elektrisk gitar, trommer og hammondorgel.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Atom Heart Mother»
  • I. «Father's Shout»
  • II. «Breast Milky»
  • III. «Mother Fore»
  • IV. «Funky Dung»
  • V. «Mind Your Throats Please»
  • VI. «Remergence»
Nick Mason, David Gilmour, Roger Waters,
Rick Wright, Ron Geesin
ordlaus vokal av John Alldis Choir23:44
  • 2:50
  • 2:33
  • 4:50
  • 5:15
  • 2:28
  • 5:48
  • Total lengd:23:44
    Side to
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
    1.«If»WatersWaters4:31
    2.«Summer '68»WrightWright5:29
    3.«Fat Old Sun»GilmourGilmour5:22
    4.«Alan's Psychedelic Breakfast»
    • I. «Rise and Shine»
    • II. «Sunny Side Up»
    • III. «Morning Glory»
    Waters, Mason, Gilmour, WrightInstrumental, tale av Alan Styles13:00
    Total lengd:28:22

    Medverkande[endre | endre wikiteksten]

    Henta frå plateomslaget[71]

    Pink Floyd (ingen av instrumenta var oppførte)

    Andre medverkande

    Produksjon

    Salslister[endre | endre wikiteksten]

    Liste (1970) Plassering
    Australia (Kent Music Report)[75] 30
    Canada Top Albums/CDs (RPM)[76] 39
    Den danske albumlista (Sporlisteen)[77] 8
    Nederlandske album (MegaCharts)[78] 5
    Den franske albumlista (SNEP)[79] 4
    Tyske album (Offizielle Top 100)[80] 8
    Norske album (VG-lista)[81] 13
    Britiske album (OCC)[82] 1
    US Billboard 200[83] 55
    Liste (2011–12) Plassering
    Franske album (SNEP)[84] 66
    Spanske album (PROMUSICAE)[85] 79
    Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[86] 81

    Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

    Region Salstrofé Salstal
    Austerrike (IFPI Austerrike)[87] Gull 25 000x
    Frankrike (SNEP)[88] Gull 100 000*
    Tyskland (BVMI)[89] Gull 250 000^
    Italia (FIMI)[90]
    (sidan 2009)
    Platina 50 000*
    Storbritannia (BPI)[91] Gull 100 000^
    USA (RIAA)[92] Gull 500 000^

    *salstala er basert på sertifiseringa aleine
    ^salstala er basert på sertifiseringa aleine
    xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 «Pink Floyd: The Story Behind Atom Heart Mother». TeamRock. 22. september 2016. Arkivert frå originalen den 15. mars 2017. Henta 14. mars 2017. 
    2. Povey 2006, s. 137.
    3. «Record Research (advertisement)». magasinet Billboard. 15. mars 1997. Henta 18. juni 2019. 
    4. 4,0 4,1 Guitar World presents Pink Floyd. Henta 18. juni 2019. 
    5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Dear Diary» (PDF). The Word. July 2008. Arkivert (PDF) frå originalen den 27. oktober 2010. Henta 18. juni 2019. 
    6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Mason 2004, s. 135–138.
    7. Schaffner 2005, s. 157.
    8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Manning 2006, s. 62.
    9. Povey 2006, s. 181.
    10. 10,0 10,1 Povey 2006, s. 121.
    11. 11,0 11,1 11,2 Schaffner 2005, s. 158.
    12. 12,0 12,1 12,2 Manning 2006, s. 63.
    13. Geesin 2013, s. 8.
    14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Schaffner 2005, s. 163.
    15. Blake 2006, s. 152.
    16. 16,0 16,1 Schaffner 2005, s. 160.
    17. Povey 2006, s. 134.
    18. 18,0 18,1 Schaffner 2005, s. 159.
    19. «Obituary – John Alldis». Brain Damage. 21. desember 2010. Arkivert frå originalen den 1. april 2012. Henta 18. juni 2019. 
    20. Schaffner 2005, s. 159–160.
    21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 Manning 2006, s. 162.
    22. Mason 2004, s. 130.
    23. Schaffner 2005, s. 156.
    24. Manning 2006, s. 164.
    25. 25,0 25,1 Schaffner 2005, s. 162.
    26. «Pink Floyd – The Official Site – Singles». Arkivert frå originalen den 18. juni 2019. Henta 18. juni 2019. 
    27. Mabbett 2010, s. 100.
    28. Mabbett 2010, s. 101.
    29. Manning 2006, s. 64,162.
    30. 30,0 30,1 30,2 30,3 30,4 30,5 30,6 30,7 30,8 Manning 2006, s. 64.
    31. 31,0 31,1 31,2 Povey 2006, s. 122.
    32. Mabbett 2010, s. 102.
    33. 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 Schaffner 2005, s. 161.
    34. «Pink Floyd: Atom Heart Mother – The 20 best album covers ever – Pictures – Music». Virgin Media. Arkivert frå originalen den 13. desember 2013. Henta 18. juni 2019. 
    35. R. Serge Denisoff, Solid gold: the popular record industry Arkivert 14. februar 2017 ved Wayback Machine., s. 174, Transaction Publishers (1975), ISBN 0-87855-586-2
    36. «Pink Floyd – Atom Heart Mother (CD, Album) at Discogs». Discogs. Arkivert frå originalen den 18. februar 2012. Henta 18. juni 2019. 
    37. «Interview: Designer Storm Thorgerson Reflects on Pink Floyd and 30 Years of Landmark Album Art». Guitar World. 10. august 2011. Arkivert frå originalen den 6. juli 2012. Henta 18. juni 2019. 
    38. Heylin, Clinton (1994). The Great White Wonders – A History of Rock Bootlegs. Penguin Books. s. 197. ISBN 0-670-85777-7. 
    39. Young, Stuart. «KLF is Gonna Rock Ya!». Library of Mu. Arkivert frå originalen 26. januar 2013. Henta 18. juni 2019. 
    40. Erlewine, Stephen Thomas. Atom Heart MotherAllmusic. Henta 14. juni 2019.
    41. 41,0 41,1 Christgau, Robert (1981). «Pink Floyd: Atom Heart Mother». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 3. oktober 2018. 
    42. McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studioalbums rated». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen den 11. juni 2019. Henta 11. juni 2019. 
    43. 43,0 43,1 Pink Floyd Atom Heart Mother, Acclaimed Music, arkivert frå originalen den 22. september 2015, henta 11. juni 2019 
    44. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 872. ISBN 1-57859-061-2. 
    45. Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 11. juni 2019. 
    46. Tan, Irving. «Pink Floyd Atom Heart Mother». Sputnikmusic. Arkivert frå originalen den 18. september 2015. Henta 26. august 2015. 
    47. «Pink Floyd: Atom Heart Mother - Album Of The Week Club review». Arkivert frå originalen den 25. mars 2019. Henta 25. mars 2019. 
    48. Povey 2006, s. 344.
    49. «Pink Floyd – UK Chart History». Official Charts Company. Arkivert frå originalen den 24. juni 2013. Henta 30. juli 2012. 
    50. Pink Floyd. «Pink Floyd – Awards». AllMusic. Arkivert frå originalen den 7. april 2013. Henta 18. juni 2019. 
    51. «Pink Pink Floyd – Atom Heart Mother (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Arkivert frå originalen den 5. januar 2014. Henta 18. juni 2019. 
    52. «Pink Pink Floyd – Atom Heart Mother (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Arkivert frå originalen den 29. august 2014. Henta 18. juni 2019. 
    53. «Pink Floyd – Atom Heart Mother (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Arkivert frå originalen den 21. februar 2013. Henta 18. juni 2019. 
    54. «Pink Floyd – Atom Heart Mother (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Arkivert frå originalen den 29. november 2012. Henta 18. juni 2019. 
    55. «Pink Floyd – Atom Heart Mother (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Arkivert frå originalen den 10. november 2014. Henta 18. juni 2019. 
    56. «Pink Floyd Records To Release «Atom Heart Mother», «Meddle» And «Obscured By Clouds» on 23rd September 2016» (Press release). Legacy Recordings. 18. august 2016. 
    57. «Have Pink Floyd Split Up?». Mojo Magazine. October 2001. Arkivert frå originalen 9. september 2012. Henta 16. august 2010. 
    58. Dubro, Alec (10. desember 1970). «Atom Heart Mother». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 21. juli 2017. Henta 18. juni 2019. 
    59. Povey 2006, s. 131.
    60. «Timeline : 1970». Pink Floyd – The Official Site. Arkivert frå originalen den 15. august 2012. Henta 18. juni 2019. 
    61. Povey 2006, s. 164.
    62. Povey 2006, s. 168.
    63. John Coulthart. «Alex in the Chelsea Drug Store». Arkivert frå originalen den 18. juni 2019. Henta 18. juni 2019. 
    64. «Atom Heart Mother Album Cover Parodies». Arkivert frå originalen den 17. mai 2018. Henta 18. juni 2019. 
    65. New Musical Express (2. juni 2008). «Dave Gilmour to perform 'Atom Heart Mother' with tribute band». Arkivert frå originalen den 7. november 2012. Henta 18. juni 2019. 
    66. Canticum. «Canticum – Testimonials». Arkivert frå originalen den 23. juli 2012. Henta 18. juni 2019. 
    67. Brain Damage (15. juni 2008). «Ron Geesin – Atom Heart Mother, Cadogan Hall, London – June 14th 2008». Arkivert frå originalen den 17. juni 2013. Henta 18. juni 2019. 
    68. Ron Geesin (9. mai 2013). «Ron Geesin – The Flaming Cow (book)». Arkivert frå originalen den 12. juni 2014. Henta 18. juni 2013. 
    69. Usual setlist for Radio KAOS shows at a Pink Floyd fan site
    70. http://www.songfacts.com/detail.php?id=4016
    71. Atom Heart Mother (gatefold). Pink Floyd. Harvest Records. SHVL 781. 
    72. «Interview with David Gilmour». The Sun. 26. september 2008. Arkivert frå originalen den 13. juni 2019. Henta 18. juni 2019. 
    73. Geesin 2013, s. 41.
    74. Schaffner 2005, s. 161–2.
    75. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
    76. "Top RPM Albums: Nummer 3735". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. juni 2019.
    77. «LP Top 10, 7. desember 1970». Arkivert frå originalen den 10. april 2016. Henta 30. mars 2016. 
    78. "Pink Floyd – Atom Heart Mother". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
    79. «Le Détail des Albums de chaque Artiste – P» (på fransk). Infodisch.fr. Arkivert frå originalen 7. mai 2013. Henta 24. april 2013. 
    80. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – Atom Heart Mother" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. juni 2019.
    81. «Norwegian charts portal (48/1970)». norwegiancharts.com. Henta 11. juni 2019. 
    82. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
    83. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2019.
    84. «Les charts francais (01/11/2011)». lescharts.com. Henta 11. juni 2019. 
    85. "Pink Floyd – Atom Heart Mother". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
    86. "Pink Floyd – Atom Heart Mother". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
    87. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – Atom Heart Mother» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 24. april 2013.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter Atom Heart Mother in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
    88. «SNEP Certifications». InfoDisc. Arkivert frå originalen 21. juni 2010. Henta 24. april 2013. 
    89. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'Atom Heart Mother')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 24. april 2013. 
    90. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – Atom Heart Mother» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 21. mai 2018.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
    91. «British album salstrofé – Pink Floyd – Atom Heart Mother». British Phonographic Industry.  Enter Atom Heart Mother in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
    92. «American album salstrofé – Pink Floyd – Atom Heart Mother». Recording Industry Association of America. Henta 24. april 2013.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Atom Heart Mother