Atommasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atommasse er gjennomsnittsmassen av alle isotopane til eit grunnstoff slik det finst i naturen. Eininga for atommasse er u (atommasseeining). Ein u er definert som 1/12 av atommassen til karbon-12, som er ein isotop av karbon med tilsaman 12 nukleon. Atommassen i u har same talverdi som molmassen i gram per mol av grunnstoffet.

For kunstig framstilte atom er det oftast massen av den mest stabile isotopen som vert oppgitt.

Nesten all massen til eit atom ligg i atomkjernen fordi massen til elektrona er ekstremt liten samanlikna med massen til proton og nøytron. Eit proton og eit nøytron har omtrent like stor masse. Dette gjer at massen til deuterium er om lag dobbelt så stor som massen til eit hydrogenatom av isotopen protium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]