Atommodell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein atommodell er ein måte å sjå for seg korleis atoma er bygde opp. Det er hovudsakleg to atommodellar: Skalmodellen og skymodellen.

Døme på skalmodell med eit oksygenatom.

I skalmodellen tenkjer ein seg at elektrona krinsar rundt atomkjernen i avgrensa skal.

Skala heiter K, L, M, N eller 1, 2, 3, 4 osb. Kvart skal har eitt eller fleire energinivå; i det første skalet er det eitt energinivå, i det andre skalet to, i det tredje skalet tre nivå osb. I det lågaste energinivået i kvart skal er det plass til 2 elektron, i det neste 6, i tredje nivå 10 osb. Det aukar altså med 4 elektron for kvart nytt energinivå. I skal nummer n er det såleis plass til 2×n² elektron. Til dømes i skal nr 3 kan det vera 2×3²=18 elektron. Dette gjeld ikkje for det ytterste skalet, der det aldri er plass til meir enn 8 elektron fordi nivå 3 har høgare energi enn det lågaste i neste skal.

I den nyare skymodellen tenkjer ein seg elektrona som bølgjer heller enn punkt i rommet, men også i denne handlar det om energinivå og orbitalar.

Felles for desse atommodellane er at elektron som tek opp energi i form av foton utanfrå, eller frå kjernen, blir eksitert og går over i eit høgare energinivå eller eit høgare skal, eller forlet atomet som i så fall blir ionisert. Jo sterkare energi som blir teke opp, jo lenger hoppar elektronet ut frå kjernen. Elektron som absorberer gammastråling frå atomkjernen vil oftast forlata atomet som såkalla Auger-elektron. Eksiterte elektron som framleis krinsar om atomet, kan seinare gå tilbake til lågare energinivå i ein eller fleire omgangar, og sender ut foton som svarar til energiforskjellen mellom desse nivåa. Forholdsvis små sprang kan gje stråling i det synlege spekteret, medan større sprang kan gje røntgenstråling.