Atomradius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atomradius som funksjon av atomnummer Figuren viser litium (nummer 3) til krypton (nummer 36)

Atomradius er radien av eit atom. Det er avstanden frå atomkjernen til den ytste stabile elektronorbitalen i eit atom i likevekt.

Atomradius aukar ettersom ein går nedover i gruppene i periodesystemet sidan atoma får fleire elektronskal. Radien minkar frå venstre mot høgre i periodane i periodesystemet etterkvart som kjernen får høgare ladning.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]