Atonal musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Was ist atonal?». Atonal musikk drøfta av Alban Berg i 1936.

Atonal musikk, ordrett omsett «ikkje-tonal musikk», er ein musikkstil som legg vekt på å unngå kjensle av grunntone eller toneart.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

I breiaste forstand skildrar omgrepet musikk som manglar tonalt senter eller toneart. Denne bruken av omgrepet skildrar mykje musikk skrive mellom 1907 og i dag som ikkje nyttar eit tonehirearki rundt ein enkelt sentral tone som fundament for ein komposisjon. Meir spesifikt blir omgrepet brukt om musikk som ikkje er konform med tonalitetshierarkiet som karakteriserte europeisk klassisk musikk frå 1600-talet fram til og med 1800-talet.

Skal ein vere endå meir spesifikk kan omgrepet «atonal» brukast om musikk som verken er tonal eller seriell, og då særleg om før-tolvtonemusikk. Dei fremste representantane for slik musikk er mellom anna Alban Berg, Arnold Schönberg, Anton Webern og Noregs kanskje fremste atonale komponist Fartein Valen. Komponistar som ikkje naudsynleg først og fremst er kjende som atonale komponistar, som Béla Bartók, Sergej Prokofiev og Igor Stravinskij, har skrive verk som kan kallast atonale.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om musikk utan tonalt senter var skrive tidlegare, til dømes Bagatelle sans tonalité av Franz Liszt frå 1885, var det tidleg på 1900-talet at omgrepet atonalitet oppstod, då særleg i samband med stykke skrivne av Arnold Schönberg. Slik musikk oppstod etter det som blir kalla «den tonale krisa» i europeisk kunstmusikk på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Denne «krisa» viste seg i form av at det vart meir vanleg å nytte ambivalente og mindre «reglementerte» akkordprogresjonar og melodiliner.[1]

Den første fasen av atonal musikk kallar ein ofte «fri atonalitet» eller «frikromatikk». Denne var eit medvite forsøk på å bryte med den tradisjonelle diatoniske harmonien. Kjente verk frå denne perioden er mellom anna operaen Wozzeck (1917-1922) av Alban Berg og Pierrot Lunaire (1912) av Schönberg.

Den andre fasen byrja etter første verdskrigen og har det kjenneteiknet at ein prøvde å skape ein komposisjonsteknikk som ikkje baserte seg på tonalitet, noko som mellom anna gav utslag i den såkalla tolvtoneteknikken. Her var Schönberg den største pionéren, men ein av elevane hans, Anton Webern, er sagt å vere den første som skapte ein samanheng mellom rekker av tonar og rekker av andre musikkaspekt. Dette er ein omstridt påstand,[2] men tolvtonemusikken frå denne perioden er, saman med parametrifiseringa i arbeida til Olivier Messiaen, rekna for å vere forløparen og inspirasjonskjelda til den seinare serialismen.[3]

Atonal musikk var først bruk som eit nedsettande namn på musikk der akkordane var sette saman utan tydeleg samanheng. I Nazi-Tyskland vart atonal musikk stempla som bolsjevikisk og «Entartete Kunst», saman med andre kunstformer produsert av fiendar av nazistregimet. Mange komponistar fekk ikkje framføre verka sine før etter andre verdskrigen.

I åra etter krigen inspirerte tolvtonemusikken ei ny rørsle i kunstmusikken; serialismen, som oppstod blant avant-garde-komponistar på 1950-talet. Tolvtonemusikken vart no omtala som grunnlaget for den «nye musikken», og var grunnlaget for fleire nye retningar innan kunstmusikken. Kjende namn frå denne perioden er mellom anna Karlheinz Stockhausen, Milton Babbit og Krzysztof Penderecki. Fleire komponistar, til dømes Elliott Carter og Witold Lutosławski, byrja i denne perioden å skrive seriell musikk sjølv om dei hadde nytta andre teknikkar tidlegare. Igor Stravinskij byrja skrive musikk som blanda serielle og tonale element etter at Schönberg døydde i 1951.

Det var i denne perioden at teknikkar og akkordprogresjonar skapte for å unngå eit tonalt senter vart utforska og namngitte. Den såkalla setteorien vart utvikla på denne tida som eit system som omfamna både tonal, atonal og modal musikk. Denne teorien nytta matematiske formlar for å forklare musikken, til dømes graden av symmetri eller forholdet mellom tonane. Nokre komponistar nytta matematiske formlar i komposisjonen for å lage sett med tonar, og såg på matematikk og musikk som ein syntese, noko som kan knytast tilbake til Johann Sebastian Bach si satslære i barokken og faktisk heilt tilbake til antikken.[4]

Atonal musikk blir framleis komponert i dag, sjølv om seriell atonal komposisjon gjekk kraftig tilbake på 1960-talet då spektralmusikk, aletori og elektronisk musikk vart vanlegare. Den aukande populariteten til modal musikk, minimalisme og kunst inspirert av austleg mystisisme, som bidrog til at musikken vart meir ostinatbasert, var også med på å gjere seriell musikk mindre utbreidd dette tiåret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ansermet, Ernest. 1961. Les fondements de la musique dans la conscience humaine. 2 v. Neuchâtel: La Baconnière.
  • Beach, David (red.). 1983. "Schenkerian Analysis and Post-Tonal Music", Aspects of Schenkerian Theory. New Haven: Yale University Press.
  • Dahlhaus, Carl. 1966. "Ansermets Polemik gegen Schönberg." Neue Zeitschrift für Musik 127, nr. 5:179–83.
  • Du Noyer, Paul (red.) (2003), «Contemporary», The Illustrated Encyclopedia of Music: From Rock, Jazz, Blues and Hip Hop to Classical, Folk, World and More, London: Flame Tree Publishing, s. 271–272, ISBN 1-9040-4170-1 
  • Katz, Adele T. 1945. Challenge to Musical Traditions: A New Concept of Tonality. New York: Alfred A. Knopf, Inc. andreutgåve, New York: Da Capo, 1972.
  • Krausz, Michael. 1984. "The Tonal and the Foundational: Ansermet on Stravinsky". The Journal of Aesthetics and Art Criticism 42:383–86.
  • Meyer, Leonard B. (1967), Music, the Arts, and Ideas: Patterns and Predictions in Twentieth-Century Culture (andre utgåve, 1994 utg.), Chicago og London: University of Chicago Press 
  • Mosch, Ulrich. 2004. Musikalisches Hören serieller Musik: Untersuchungen am Beispiel von Pierre Boulez' «Le Marteau sans maître». Saarbrücken: Pfau-Verlag.
  • Oster, Ernst. 1960. "Re: A New Concept of Tonality (?)", Journal of Music Theory 4, s.96.
  • Perle, George. 1962. Serial Composition and Atonality: An Introduction to the Music of Schoenberg, Berg, and Webern. University of California Press. ISBN 0-520-07430-0.
  • Philippot, Michel. 1964. "Ansermet’s Phenomenological Metamorphoses." Oversett av Edward Messinger. Perspectives of New Music 2, no. 2 (Spring-Summer): 129–40. Først publisert som "Métamorphoses Phénoménologiques." Arkivert 2007-02-09 ved Wayback Machine. Critique. Revue Générale des Publications Françaises et Etrangères, no. 186 (november 1962).
  • Radano, Ronald M. 1993. New Musical Figurations: Anthony Braxton's Cultural Critique Chicago: University of Chicago Press.
  • Schoenberg, Arnold. 1978. Theory of Harmony, oversett av Roy Carter. Berkeley & Los Angeles: University of California Press.
  • Seeger, Charles. 1930. "On Dissonant Counterpoint." Modern Music 7, nr. 4:25–31.
  • Webern, Anton. 1963. The Path to the New Music, oversett av Leo Black. Bryn Mawr. Pennsylvania: Theodore Presser; London: Universal Edition.
  • Westergaard, Peter (1963), «Webern and 'Total Organization': An Analysis of the Second Movement of Piano Variations, Op. 27.», Perspectives of New Music (1, nr. 2): 107–20 
  • Westergaard, Peter (1968), «Conversation with Walter Piston», Perspectives of New Music (7, nr.1): 3–17 
  • Xenakis, Iannis (1971), Formalized Music: Thought and Mathematics in Composition (Revidert utgåve, 1992. Harmonologia Series Nr. 6. Stuyvesant, NY: Pendragon Press utg.), Bloomington and London: Indiana University Press, ISBN 0-945-19324-6 
Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]