Attendekall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Attendekallfunksjon.

Attendekall er i samband med programmering ein referanse til køyrbar kode (oftast i form av ein funksjon) som vert overført i form av ein parameter (oftast ein funksjonsparameter). Når den køyrbare koden er ein funksjon vert han kalla ein attendekallfunksjon. Den køyrbare koden/funksjonen vert kalla under bestemte tilhøve, som til dømes når ein buffer held på å verta full eller tom.

Attendekall tillet lågnivåkode, til dømes i ein drivar, å kalla funksjonar i kode på eit høgare nivå, som til dømes i eit brukarprogram. Typisk bruk av attendekall er at eit brukarprogram (i programmodul A i fig. 1) overfører ein referanse til ein attendekallfunksjon (òg i programmodul A i fig. 1) til ein funksjon i til dømes ein drivar (programmodul B i fig. 1). Dette vert utført berre ein gong, når programmet startar opp. Drivaren kallar så attendekallfunksjonen når han ynskjer å overføra data fra/til programmodul A. På det viset treng ikkje koden i programmodul A å bruka tid på å sjekka om drivaren har data å levera frå seg eller treng meir data. Ein drivar kallar ofte ein attendekallfunksjon fleire gongar per sekund, til dømes når ein buffer (FIFO) held på å verta full eller tom.