Attentat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit attentat (frå latin attentatum, 'forsøk på [brotsverk]') er ein planlagt, forsøkt eller utført åtak på person/ar, som regel nytta om offentlege personar. I og med at ordet attentat ordrett handlar om forsøket, er det strengt tatt unødvendig å omtale mislykka drapsforsøk som «attentatforsøk».
Det er dermed heilt korrekt å seie at Adolf Hitler vart utsett for ei rekke attentat, sjølv om ingen av dei enda med at han vart drepen. Det er også strengt tatt meir presist å omtale det som skjedde med president John F. Kennedy som drapet på president K. enn å kalle det for attentatet mot han, sidan uttrykket attentat i seg sjølv ikkje fortel noko om utfallet av attentatet.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Attentat» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2008.