Attikí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Attikí
Περιφέρεια Αττικής
Plasseringa til Attikí i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Aten
Periferieiningar: Sentral-Aten
Nord-Aten
Vest-Aten
Sør-Aten
Pireus
Øyane
Vest-Attikí
Aust-Attikí
Folketal: 3 841 408 (2005)
Areal: 3 808 km²
Folketettleik: 1 009 /km²
Heimeside: www.attiki.gov.gr

Attikí (gresk Αττική), òg kalla Attika, er ein av tretten periferiar i Hellas og inneheld Aten, hovudstaden i landet. Attikí omfattar dei tidlegare prefektura Aten, Pireus, Vest-Attikí og Aust-Attikí.

Attikí ligg sør i Hellas og har eit areal på 3 808 km². I tillegg til Aten ligg byane Pireus, Elevsína, Mégara, Lávrio og Marathónas (Marathon) i Attikí. Attikí omfattar òg ein liten del av halvøya Peloponnes og øyane Salamína, Agístri, Éjina, Póros, Ýdra, Spétses, Kýthira og Andikýthira. Om lag 3,75 millionar menneske bur i periferien, og meir enn 95 % av dei bur i storbyområdet til Aten.

Attikí var tidlegare ein del av periferien Sentral-Hellas, men vart skild ut som eigen periferi i 1987. Han grensar mot Sentral-Hellas i nord og mot Peloponnes i vest og sør.

Innhaldsliste

Periferieiningar og kommunar [endre]

Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Attikí delt inn i åtte periferieiningar som omfattar 66 kommunar.

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Sentral-Aten 1 112 133 Filadélfia-Khalkidóna, Galátsi, Aten, Zográfou, Kesarianí, Výronas, Dáfni-Ymittós, Ilioúpoli
Nord-Aten 559 467 Kifisiá, Metamórfosi, Lykóvrysi-Pévki, Iráklio, Maroúsi, Pendéli, Vrilíssia, Khalándri, Ajía Paraskeví, Néa Ionía, Filothéi-Psykhikó, Papágou-Kholargós
Vest-Aten 473 179 Khaidári, Petroúpoli, Áji Anárjyri-Kamateró, Ílio, Peristéri, Ajía Varvára, Egáleo
Sør-Aten 519 997 Moskháto-Távros, Kallithéa, Paleó Fáliro, Néa Smýrni, Ájos Dimítrios, Álimos, Ellinikó-Arjyroúpoli, Glyfáda
Pireus 466 965 Pérama, Keratsíni-Drapetsóna, Korydallós, Níkea-Ájos Ioánnis Réndis, Pireus
Øyane 75 439 Salamína, Agístri, Éjina, Póros, Trizinía, Ýdra, Spétses, Kýthira
Vest-Attikí 151 612 Mégara, Mándra-Idýllia, Elevsína, Asprópyrgos, Fylí
Aust-Attikí 403 918 Oropós, Akharnés, Diónysos, Marathónas, Rafína-Pikérmi, Pallíni, Spáta-Artémida, Peanía, Markópoulo, Kropía, Vári-Voúla-Vouliagméni, Saronikós, Lavreotikí

Geografi [endre]

Attikí er ei halvøy som stikk ut i Egearhavet. Av fjell finn ein Ymittós, dei austlege delane av Jeránia, Párnitha, Egáleo og Pendéli. Dei deler halvøya inn i slettene Mesójia og Thriásio Pedío. I nord grensar Attikí til Viotíasletta og i vest til Korint. Saroniabukta ligg i sør og øya Évvia ligg utanfor nordkysten. Aten sitt eldste vassreservoar, Marathonsjøen, ligg om lag 40 km nordaust for byen, og opna i 1920-åra. Sidan den gong har reservoaret vore den største innsjøen i Attikí. Skogar dekkjer områda rundt Párnitha, Ymittós og på åsane og i fjella i nordaust og nord, bortsett frå dei høgaste toppane. Fjella i vest og sør er hovudsakleg graskledd eller berre, men ein kan òg finne noko skog her.

Poseidontempelet ved Kapp Soúnio, det sørlegaste punktet i Attikí, bygd om lag 440 fvt.

Kifisós er den lengste elva og Párnitha det høgaste fjellet i Attikí. Periferien har parkområde i Ymittós-, Pendéli- og Párnithafjella og i dei sørlege områda av halvøya.

I følgje Platon var Attikí i antikken avgrensa av Korinteidet i sørvest, og nordover strakk ho seg til fjella Kitherónas og Párnitha. Grensa herfrå mot sjøen hadde området Oropós til høgre og elva Asopós til venstre.

Klima [endre]

Attikí har eit typisk middelhavsklima med varme og tørre somrar og generelt lite nedbør. Den årlege nedbørsnormalen varierer frå 370 mm til over 1 000 mm. Vintrane er generelt milde i lågtliggande område nær sjøen, men er meir kjølige i fjella. Snø kan stundom falle i Attikí og skape kaos, som i januar 2002, februar 2004 og januar 2006. Den lågaste temperaturen som er målt i området er -10,4 °C i Votanikós i Aten, medan den høgaste temperaturen som er målt vart målt ved flyplassen Tatói og var på 48,7 °C. Skogbrannar og flaum er vanleg.

Kjelde [endre]



Periferiar i Hellas
Attikí • Sentral-Hellas • Sentral-Makedonía • Kreta • Aust-Makedonía og Thráki • Ípiros • Dei joniske øyane • Dei nordlege egeiske øyane • Peloponnes • Dei sørlege egeiske øyane • Thessalía • Vest-Hellas • Vest-Makedonía 
Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia)


Koordinatar: 38°05′N 23°30′E