Atuagagdliutit/Grønlandsposten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Atuagagdliutit/Grønlandsposten, vanlegvis referert til som berre AG, er ein av to riksaviser på Grønland. Avisa kjem ut to gonger i veka, på tysdagar og torsdagar.

Avisa er slått saman av den grønlandske avisa (Atuagagdliutit) og ei dansk avis (Grønlandsposten) og alle artiklane blir skrive på begge språka.

Atuagagdliutit[endre | endre wikiteksten]

Atuagagdliutit vart grunnlagt i 1861 av den danske geologen Hinrich Rink, som meinte at grønlendingane heldt på å miste den kulturelle identiteten sin, og såg det slik at ei avis ville hjelpe den munnlege tradisjonen på Grønland, ved å gje høve til å publisere han i heile Grønland. Avisa vart skrive berre på grønlandsk, og skreiv framforalt om nasjonale tema, som grønlandsk identitet. I mange år var avisa også den einaste kjelda grønlendingane hadde til invormasjon om utomverda.

I løpet av 1930-talet skifta avisa gradvis over frå eit fokus på tradisjonelle fortelingar til å skrive om sosiale problem og andre vanlege nyhende.

Grønlandsposten[endre | endre wikiteksten]

I løpet av andre verdskrigen var Grønland meir eller mindre isolert frå omverda, og ei danskspråkleg avis, Grønlandsposten, vart sirkulert i hovudstaden Godthaab (Nuuk). Avisa vart populær nok til å bli verande også etter krigen, og ho kom ut fram til dei to avisene vart slått saman i 1952.

Spreiing[endre | endre wikiteksten]

Det gamle Atuagagdliutit kom ut ein gong i månaden, og dette mønsteret heldt fram etter samanslåinga med Grønlandsposten. Frå og med 1960-talet vart avisa publisert først annakvar veke så, kvar veke, to og etterkvart tre gonger i veka. I 1993 vart avisa nok ein gong publisert to gonger i veka, framforalt som resultat av distribusjonsproblem.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]