Au Pied de Cochon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Au Pied de Cochon er ein restaurant i Paris. Restaurantnamnet tyder 'Ved grisefoten'. Ved opninga i 1947 låg framleis dei gamle hallane (Les Halles) like ved.

Etablissementet er ope 24 timar i døgeret, 7 dagar i veka på alle årets dagar.

Restauranten er kjent for si lauksuppe og sine griseføter.

Ved presidentvalet i 1981 feira François Mitterrand sigeren her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]