Aubusson
| Aubusson | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Region Departement |
Frankrike Limousin Creuse |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
19,21 km² |
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
4 662 243/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 512 m |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Postnummer | 23200 |
Aubusson er ein liten by og kommune sentralt i Frankrike ved elva Creuse. Han er sous-préfecture i departementet Creuse og har rundt 5 000 innbyggjarar.
Veggteppe [endre]
Byen er godt kjend for sine vegg- og golvteppe, som har vore verdskjend sidan 1300-talet. Vevarar frå Flandern søkte tilflukt i Aubusson rundt 1580. Ei vidkjend samling av veggteppe frå Aubusson finst i Vallon-Pont-d'Arc. Stilen på veggteppa endra seg gjennom hundreåra, frå bilete av grøne landskap til jaktscenar. På 1600-talet fekk veggteppeveveria i Aubusson og Felletin status som ei «kongeleg utnemning». Produksjonen gjekk nedover etter den franske revolusjonen då tapeten kom. Veggteppa tok seg derimot opp att på 1930-talet då kunstnarar som Cocteau, Dufy, Dali, Braque, Calder og Picasso vart invitert til Aubusson for å uttrykke seg sjølv ved hjelp av ull. Det vert framleis laga veggteppe i Aubusson.