Aucklandøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°46′0″S 166°4′0″E
Aucklandøyane
øygruppe
none  Topografisk kart av øygruppa
Topografisk kart av øygruppa
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
stad Sørvestlege Stillehavet
 - koordinatar 50°46′0″S 166°4′0″E
Høgaste punkt Mount Dick
 - høgd 705 moh
Areal 625 km²
Folketal 0
Øyar 8
Plasseringa i høve til New Zealand
Plasseringa i høve til New Zealand

Aucklandøyane (maori: Motu Maha eller Maungahuka)[1] er ei øygruppe av sju subantarktiske øyar som ligg 465 kilometer sør for Sørøya på New Zealand og er ein del av New Zealand. Øygruppa har eit samla areal på 625 kvadratkilometer. Øyane har ikkje fast busetnad. Økologisk inngår Aucklandøyane i ein økoregion av subantarktiske øygrupper sør for New Zealand, dei inkluderer Bountyøyane, Antipodeøyane, Campbelløyane og Macquarieøya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Carnley Harbour mot aust
Foto: M. Murphy

Øygruppa ligg i eit område mellom 50° 30' og 50° 55' sørleg breidde og mellom 165° 50' og 166° 20' austleg lengde. Hovudøya er Auckland Island, dei andre er Adams Island, Enderby Island, Disappointment Island, Ewing Island, Dundas Island og Green Island. Hovudøya, Auckland Island, utgjer det meste av arealet av gruppa med omtrent 510 km2, og ho har ei lengd på 42 km. Øyane er kjente for sine bratte klipper og ulendt terreng, som stig til over 600 moh. Framtredande toppar inkluderer Cavern Peak (650 m), Mount Raynal (635 m), Mount D'Urville (630 m), Mount Easton (610 m), og Babels tårn (550 m).

Den sørlege enden av hovudøya utvidar seg til ei breidd på 26 kilometer. Her skil den smale kanalen Carnley Harbour (Adamsundet på nokre kart) hovudøya frå den nær trekantforma Adams Island i sør. Adams Island er endå meir kupert, med ei største høgd på 705 moh. Sundet mellom øyane er restane av kratret av ein utdøydd vulkan, og Adams Island og den sørlege delen av hovudøya formar kraterkanten.

Gruppa femnar om ei rekkje andre mindre øyar, ein kan namne Disappointment Island nordvest for hovudøya og Enderby Island utanfor nordspissen av hovudøya, kvar på mindre enn 5 kvadratkilometer. Hovudøya har mange viker og andre innskjeringar, som Port Ross i den nordlege enden, ein ca. 10 km lang fjord.

Dei fleste øyane i gruppa har vulkansk opphav, øygruppa er dominert av to 12 millionar år gamle miocene vulkanar, seinare eroderte og dissekerte.[2] Desse kviler på eldre vulkanske bergartar, 15-25 millionar år gamle med noko eldre granitt og fossilberande sedimentære bergartar frå rundt 100 millionar år sidan.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busettingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst prov for at polynesiske sjøfarar var dei som først oppdaga Aucklandøyane. Arkeologar har funne spor av polynesisk busetjing på Enderby Island, moglegvis datert til 1200-talet.[4]

Eit kvalfangstfartøy, Ocean, gjenoppdaga øyane i 1806, og fann dei folkelause.[5] Fangstfolk sette opp mellombelse basar, øyane vart ein av dei viktigaste selfangststasjonar i Stillehavet i åra like etter 1806.[5] I 1812 hadde det gått føre seg så mykje selfangst på øyane at dei mista den kommersielle tydinga si og selfangarane omdirigerte innsatsen mot Campbelløyane og Macquarieøya.

På midten av 1800-talet var det to mislukka freistnadar på å opprette busettingar på øyane. I 1841-1842 kom eit lite parti av maoriar og deira moriori-slavar frå Chathamøyane til øygruppa, og overlevde rundt 20 år på selfangst og utnytting av Phormium. Ei britisk busetting basert på jordbruk og kvalfangst vart etablert i Port Ross i 1849, men varte berre to og eit halvt år.

I 1863 blei Aucklandøyane tatt inn i territoriet til New Zealand.

På grunn av mange skipsforlis og stort sannsyn for gjentakande forlis, oppretta styresmakter i New Zealand depot til hjelp for overlevande frå forlis, i Port Ross, Norman Inlet og i Carnley Harbour frå 1887. Dei la òg ut fleire andre mindre lager med forsyningar rundt på øyane, inkludert båtar.

Vitskapleg forsking og vern[endre | endre wikiteksten]

Ein vitskapleg ekspedisjon vitja øygruppa i 1907, i ti dagar gjennomførte dei ei magnetisk undersøking og tok botaniske, zoologiske og geologiske prøvar.

Frå 1941 til 1945 var det ein meteorologisk stasjon i drift, bemanna av frivillige forskarar. Det finst ingen faste innbyggjarar på øygruppa, men forskarar vitjar dei regelmessig og styresmaktene tillèt avgrensa turisme på Enderby Island og Auckland Island.[6]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

nyzealandsjøløve med ungar
Foto: Brocken Inaglory
GulaugepingvinarEnderby Island
Foto: Flickr-brukar: twiddleblat
Gentianella concinna, er endemisk til Aucklandøyane
Foto: Flickr-brukar: twiddleblat
Metrosideros umbellata
Foto: Craig McKenzie

Flora[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen på øyane kan delast inn i soner etter høgda over havet. Utkanten av øyane har hovudsakleg skog med sør-rata, Metrosideros umbellata, og nokre stader det subantarktiske treet 'daisy', Olearia lyallii, sannsynlegvis innført av selfangarar.[7] Over denne sona finst eit belte med subalpine buskar dominert av artar i slektene Dracophyllum, Coprosma og Myrsine. Dei høgtliggande områda er dominert av tuegras og megaherb.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Fleire introduserte dyreartar har kome til øyane, økologar har utrydda storfe, sauer, geiter, hundar, pungrotter og kaninar på 1990-talet, men framleis finst det innførte villkattar, grisar og mus på Aucklandøyane. Dei siste kaninane på Enderby Island vart fjerna i 1993 med bruk av gift, som òg utrydda musene der.[8]

Jamvel om rotter aldri har klart å kolonisere øyane,[9] har dei andre introduserte artane påverka stadeigen vegetasjon og fugleliv, og har valda utrydding av aucklandfiskand, ei and som tidlegare var utbreidd på sørlege New Zealand, og til slutt avgrensa til Aucklandøyane.

På øyane lever store samfunn av subantarktiske virvellause dyr, med 24 arter av edderkoppar, 11 artar av spretthalar og over 200 insektartar.[10] Desse inkluderer 57 arter av biller, 110 fluger og 39 møll. Øyane kan òg vise fram ein endemisk weta-art, Dendroplectron cryptacanthus.

Ferskvasssmiljøa på øyane er vert for ein ferskvassfisk, Galaxias brevipinnis, som lever i saltvatn som ein juvenil, men returnerer til elvene som vaksen. Øyane har 19 artar av endemiske ferskvasssinvertebratar, inkludert eit blautdyr, eit krepsdyr, ei døgnfluge, 12 fluger og to vårfluger.

Berre to opphavlege pattedyr finst her, to selartar, nyzealandpelssel og den truga nyzealandsjøløva. Ein populasjon på i overkant av 1000 sørkaperar finst utanfor øygruppa.

Øyane husar viktige hekkekoloniar for sjøfuglar, blant dei albatrossar, pingvinar og fleire små petrellar,[2] og ein million par grålirer. Landfuglartar er gulkroneparakitt og raudkroneparakitt, maorifalk, tuihonningetar, maorihonningetar, australpiplerke og ein endemisk underart av maoriflugeskvett. BirdLife International har peika ut Aucklandøygruppa som eit viktig fugleområde (IBA) på grunn av tydinga som hekkeområde for fleire sjøfuglartar, og dessutan for dei endemiske artane aucklandskarv, bronseand, aucklandrikse og langnebbdvergrugde, endemisk underart Coenocorypha aucklandica aucklandica. Sjøfuglar er klippehopparpingvin og gulaugepingvin, vandrealbatross, kongealbatross, gråalbatross, svartflekkalbatross (underart Thalassarche cauta steadi) og kvithakepetrell.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «1.3 Kaupapa Atawhai». Conservation Management Strategy Subantarctic Islands 1998-2008. Department of Conservation. http://www.doc.govt.nz/upload/documents/about-doc/role/policies-and-plans/subantarctic-islands-cms/subantarctic-cms-1.3-introduction.pdf. Henta 11 November 2011. 
  2. 2,0 2,1 Shirihai, H (2002) A Complete Guide to Antarctic Wildlife. Alua Press:Degerby, Finland ISBN 951-98947-0-5
  3. Denison, R.E.; Coombs, D.S. (1977). «Radiometric ages for some rocks from Snares and Auckland Islands, Campbell Plateau». Earth and Planetary Science Letters 34 (1): 23–29. Bibcode 1977E&PSL..34...23D. doi:10.1016/0012-821X(77)90101-7. 
  4. Bibliography of Prehistoric Settlement on Norfolk Island, the Kermadecs, Lord Howe, and the Auckland Islands privat nettside av Don Macnaughtan, henta 16. desember 2012
  5. 5,0 5,1 McLaren, F.B. (1948) The Auckland Islands: Their Eventful History A.H and A.W Reed:Wellington
  6. BirdLife International (2003) "Auckland Islands" BirdLife's online World Bird Database: the site for bird conservation. Version 2.0. Cambridge, UK: BirdLife International. Available: http://www.birdlife.org (accessed 13/7/2007)
  7. Campbell, D & Rudge, M (1976) The case for controlling the distribution of the tree daisy Olearia lyallii Hook. F. in its type locality, Auckland Islands Proceedings of the New Zealand Ecological Society 23 109-115
  8. Torr, N (2002) Eradication of rabbits and mice from subantarctic Enderby and Rose Islands, Turning the tide: the eradication of invasive species (Proceedings of the international conference on eradication of island invasives; Occasional Paper of the IUCN Species Survival Commission No. 27. Veitch, C. R. and Clout, M.N., eds
  9. Chimera, C.; Coleman, M. C.; Parkes, J. P. (1995). «Diet of feral goats and feral pigs on Auckland Island, New Zealand» (PDF). New Zealand Journal of Ecology 19 (2): 203–207. 
  10. Department of Conservation (1999) New Zealand's Subantarctic Islands. Reed Books: Auckland ISBN 0-7900-0719-3
  11. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]