Aucklandrikse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aucklandrikse

Status i verda: VU Sårbar


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Lewinia
Art: L. muelleri
Vitskapleg namn
Lewinia muelleri
Rothschild, 1893

Aucklandrikse (Lewinia muelleri) er ein vassfugl i riksefamilien. Arten er endemisk til Aucklandøyane, New Zealand, og kan treffast på Adams Island og Disappointment Island, men ikkje på hovudøya Auckland Island.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Aucklandriksa er ei relativt lita rikse, ca. 21 centimeter med kroppssvekt på 90 gram. Ryggen, vengen og oversida av halen er olivenbrune med svarte streker. Bakre buk og kroppsider samt undergumpen har svart-kvite tverrstriper. Hovudet og nakken er raudbrune, og halsen og brystet er i grått. Ho har eit langt, tynnt nebb som er raudleg i farga. Beina er lyse, brunlege.

Fjørdrakta verkar kamuflerande i habitatet av tett vegetasjon, under småskog der aucklandriksa kan springe fritt på bakken under. Riksa er òg er særs sky slik at det finst lite informasjon om leveviset, til dømes finst det berre to reirfunn.[1] Ein trur dietten kan bestå av virvellause dyr, inkludert sniglar.[1]

Arten vart først oppdaga og skildra på slutten av 1800-talet, men vart ikkje funnen att før ein fugl vart fanga på Adams Island i 1966. Populasjonen på Disappointment Island vart oppdaga i 1993.

Arten har status som sårbar. Bestanden på Adams Island er estimert til 1500 individ, på Disappointment Island lever fleire hundre individ.[1] Ein trur bestanden er stabil.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aucklandrikse