Aud Blankholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aud Blankholm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1947 (76 år)
Ørsta kommune
Yrke sjukepleiar, fagforeiningsleiar

Aud Blankholm (fødd 1. november 1947) er ein norsk sjukepleiar og organisasjonskvinne.

Blankholm er fødd i Ørsta. Ho tok examen artium ved Volda gymnas i 1967 og vart utdanna til offentleg godkjend sjukepleiar ved Diakonissehusets sykepleierskole i 1971. Ho tok seinare mellomfag i pedagogisk utdanning ved Norges Sykepleierhøyskole, grunnfag i statsvitskap og er kandidat i helseadministrasjon ved Universitetet i Oslo. Allereie som 26-åring vart ho konsulent i Norsk Sykepleierforbund (NSF).

Aud Blankholm arbeidde først som sjukepleiar ved Diakonissehusets sykehus Lovisenberg og underviste ved sjukepleiarskulen, der ho også har hatt fleire styreverv. I 1981 vart ho personleg sekretær for sosialminister Leif Arne Heløe i regjeringa Willoch, ei stilling ho hadde fram til 1983. Frå 1983 til 1987 var ho leiar av Norsk Sykepleierforbund.

Blankholm var administrerande direktør ved Aker sjukehus frå 1988 fram til 1990, då ho vart personaldirektør i Administrasjonsdepartementet. Seinare same år vart ho personaldirektør i staten. Ho vart generalsekretær i Norsk Sykepleierforbund i 1995, ei stilling som vart avbroten ei tid då ho var leiar av Akademikernes Fellesorganisasjon (AK) frå 1999 til 2001. I denne perioden var AK i ferd med å løyse seg opp, sidan legar, sivilingeniørar og fleire andre yrke hadde danna Akademikerne i 1997. Etter dette heldt ho fram som generalsekretær i NSF fram til 2008.

I 2004 vart Aud Blankholm utnemnd til æresmedlem i Norsk Sykepleierforbund. I grunngjevinga vert nemnt spesielt innsatsen hennar for å løfte løna til sjukepleiarane, arbeidet for å sikre sjukepleie som sjølvstendig fag under eiga leiing, kampen mot avkorta sjukepleiarutdanning og gjennomføringa av desentralisering i NSF i 1980-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]