Aud Inger Aure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aud Inger Aure (fødd 12. november 1942) er ein norsk jurist og politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i perioden 1997–1999 i Regjeringa Bondevik I. Ho måtte trekkje seg som statsråd på grunn av alvorleg sjukdom.

Aure er cand.jur. frå 1993, noko ho utdanna seg til etter å ha arbeidd mange år som rekneskapskonsulent. Ho var distriktsarbeidssjef i Kristiansund 1994–95, medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal 1983–95 og ordførar i Kristiansund 1995–97. Ho var vararepresentant til Stortinget 1985–93, og møtte fast som stortingsrepresentant 1989–90 medan Kjell Magne Bondevik var utanriksminister i Jan P. Syse si regjering.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]