Aud Kari Steinsland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aud Kari Steinsland (fødd 27. april 1950) er ein norsk lokalpolitikar frå Arbeidarpartiet (Ap). Ho var ordførar i Askvoll i Sogn og Fjordane frå 2004 til 2011. Dimed vart ho den fyrste Ap-ordføraren i kommunen, og den fyrste ordføraren frå eit anna parti enn Senterpartiet (Sp) på 32 år. Ho hadde ikkje sete i kommunestyret før, men hadde politisk erfaring frå Fylkestinget i perioden 1999–2003.
Steinsland er lærar og arbeidde i skulen før ho vart ordførar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aud Kari Steinsland» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2011.