Aud Schønemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aud Schønemann

Aud Schønemann med Jan Pande-Rolfsen, 1970
Fødd13. november 1922
FødestadChristiania
Død30. oktober 2006 (83 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar, filmskodespelar
FarAugust Schønemann
EktefelleJan Pande-Rolfsen
PrisarLeif Justers ærespris, Oslo bys kulturpris, Solprisen, Amandakomiteens ærespris

Aud Schønemann, eigentleg Aud Pande-Rolfsen, (13. november 192230. oktober 2006) var ein populær norsk skodespelar.

Foreldra hennar var skodespelarane August Schønemann (1891–1925) og Dagmar Kristensen (1901–1987). Ho var gift med no avlidne Jan Pande-Rolfsen.

Schønemann debuterte tidleg i norsk sceneliv, men er mest kjend for rollene som Valborg i filmane om Olsenbanden og som «Modern» til Fleksnes. I seinare år spelte ho mellom anna i Fredrikssons fabrikk, saman med mellom andre Elsa Lystad og Anne Marie Ottersen.

Schønemann vann Amandaprisen sin heiderspris i 1997. Ein statue av Schønemann i ei av sine roller, laga av skulptøren Nina Sundbye, står framfor hovudinngangen til Oslo Nye Teater, avduka av ordføraren i Oslo, Fabian Stang, 21. oktober 2010.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1999 – Olsenbandens siste stikk – Valborg
  • 1998 – Nr. 13 – Fru Skau
  • 1994 – Fredrikssons fabrikk – The Movie - Margit
  • 1984 – ...men Olsenbanden var ikke død! – Valborg
  • 1982 – Olsenbandens aller siste kupp – Valborg
  • 1981 – Olsenbanden gir seg aldri! – Valborg
  • 1979 – Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder – Valborg
  • 1979 – Olsenbanden + Data Harry sprenger verdensbanken – Valborg
  • 1978 – Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet – Valborg
  • 1976 – Olsenbanden for full musikk – Valborg
  • 1976 – Bør Børson II – Sorenskriverfruen
  • 1975 – Olsenbandens siste bedrifter – Valborg
  • 1975 – Olsenbanden møter Kongen & Knekten – Valborg
  • 1974 – Den siste Fleksnes – Modern
  • 1973 – Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokkkkkk – Valborg
  • 1972 – Fleksnes Fataliteter – Modern
  • 1972 – Olsenbanden tar gull – Valborg
  • 1971 – Norske byggeklosser – Bankopplysningsdame
  • 1970 – Olsenbanden og Dynamitt-Harry – Valborg
  • 1970 – Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe... – Lilly Hansen
  • 1969 – Olsenbanden – Valborg
  • 1966 – Hurra for Andersens – Hildur Sofie f. Evensen
  • 1963 – Elskere
  • 1961 – Sønner av Norge – Drabantbyborger