Audacity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audacity
Audacity Logo With Name.png
Audacity (software).png
Utgjeve: 2000
Nyaste versjon: 1.3.13 (11. april 2011)
Operativsystem: Linux, Mac OS X, Microsoft Windows
Skrive i: C og C++
Type: Audioteknologi
Lisens: GPL
Nettstad: Audacity

Audacity er eit lydredigeringsprogram. Det er fri programvare og er tilgjengeleg under GNU General Public License.

Programmet fylgjer med ei rekkje store GNU/Linux-distribusjonar, og er omsett til ei mengde språk, mellom anna norsk. Det finst både til Mac OS X, Microsoft Windows, GNU/Linux og andre operativsystem.

Funksjonalitet[endre | endre wikiteksten]

Audacity har støtte for lydopptak, analyse, redigering og avspeling av digitalt audiomateriale. Det er støtte for import/eksport i fleire filformat: Ogg Vorbis, WAV, AIFF og AU, import/eksport av MP2 og MP3 via libmad, eksport av MP3 via LAME, pluss alle format støtta av sndfilebiblioteket. Editoren har zoom, redigeringsfunksjonalitet som markering, klipp og lim, angre, reversering, invertering, tonekontroll (equaliser), samplelratekonvertering, dither, støyfiltrering, effektprosessering som ekko, komprimering, osb.

Det er støtte for plugin: LADSPA (Linux) og VST (Mac OS X og Windows).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]