Audi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til Audi
Audi A8

Audi er eit tysk bilmerke som sidan 1964 har vore ått av Volkswagen.

Selskapet vart grunnlagt den 14. november 1899 av August Horch som A. Horch & Cie, og sende ut sin fyrste bil i 1901. Selskapet vart til Audiwerke GmbH i 1909. I 1932 vart Audiwerke slege saman med tre andre tyske bilselskap, DKW, Horch og Wandrer, for å forma eit nytt selskap, Auto Union AG. Auto Union fekk den karakteristiske logoen med dei fire ringane. Daimler-Benz AG kjøpte fleirtalet av aksjane i Auto Union i 1958, og selde dei vidare til Volkswagenwerk AG i 1964. Volkswagen gjorde Audi til dotterselskap i 1966.

«Audi» tyder «høyr» på latin. Dette namnet kom i bruk i 1909 som ei omsetjing av etternamnet til grunnleggjaren August Horch. Grunnen til det var at Horch hadde forlate det opphavlege selskapet etter at han rauk uklar med dei andre eigarane, og dimed miste eineretten til merket «Horch».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.