Auditorio de Tenerife
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Auditorio de Tenerife "Adán Martín" er ein operabygning teikna av spanske arkitekten Santiago Calatrava Valls. Han ligg i byen Santa Cruz de Tenerife, hovudstaden på kanariøya Tenerife, og er eit kjend symbol for byen.
Bygginga av Auditorio de Tenerife tok til i 1997 og enda i 2003. Operaen blei innvigd 26. september same året med kronprins Felipe av Spania til stades, og blei vitja av tidlegare amerikanske presidenten Bill Clinton. Bygningen passar inn i prinsippa for sein-modernistisk arkitektur på slutten av 1900-talet.
Orquesta Sinfónica de Tenerife held til i Auditorio de Tenerife.