Auditorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generalforsamlinga i SN går føre seg i eit auditorium.

Auditorium (latin 'høyresal') er eit stort rom med plass til mange menneske der ein kan halda føredrag eller førelesingar. Ordet vert også nytta overført, om tilhøyrarane i førelesningssalen.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Rommet har opphav i gresk og romersk arkitektur, der tilskodarar i amfiteater sat på trappestilte sete i ein halvsirkel rundt ein scene. Også i moderne auditorium er det vanleg å plassera seterekker oppover i trapper.

Medan det tidlegare var viktig å bygga auditorium med god akustikk slik at den som tala kunne høyrast av alle, er det i dag vanleg å installera lydsystem med det same føremålet.

Storleiken på auditorium kan variera frå rom med sitjeplassar til rundt tretti tilhøyrarar, til plass for fleire hundre.

Innreiing[endre | endre wikiteksten]

Auditorium har som regel fastmonterte stolar, gjerne med klappsete, slik at ein lett kan gå forbi dei når dei ikkje er i bruk. Små eller store bord ved kvar stol kan gjera det enklare å ta notat.

Seta vender mot eit senter, som regel i eine enden av rommet, der talaren står. Her kan det vera sett opp ei tavle eller andre førelesingshjelpemiddel.