Audrey Tautou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audrey Tautou

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. august 1976 (47 år)
Beaumont
Yrke skodespelar, modell, filmskodespelar
Språk fransk, engelsk
Religion katolisisme
Partnar Matthieu Chedid
Audrey Tautou på Commons
Audrey Tautou under filmfestivalen i Cannes i 2006.

Audrey Justine Tautou (fødd 9. august 1976) er ei fransk skodespelarinne som vart internasjonalt kjend for hovudrolla i filmen Den fabelaktige Amélie fra Montmartre frå 2001.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Audrey Tautou vart fødd i Puy-de-Dôme, men voks opp i Montluçon i Allier. Begge stadene ligg i regionen Auvergne i Midt-Frankrike. Ho synte tidleg interesse for skodespel, og tok skodespelartimar ved Cours Florent-instituttet i oppveksten. I 1996 filmdebuterte ho i Coeur de cible. To år seinare vann ho ei talenttevling som vart arrangert av Canal + og vart stadig meir lagt merke til i Frankrike. I 1999 fekk ho ei rolle i filmen Vénus beauté (institut) som vann den franske César-prisen. I 2000 fekk ho Suzanne Bianchetti-prisen for mest lovande unge skodespelarinne.

I 2001 kom den kunstnariske romantiske komedien Den fabelaktige Amélie fra Montmartre, som vann fleire store filmprisar. I åra som fylgde spelte Tautou fleire hovudroller, m.a. i Han elsker meg... han elsker meg ikke (2002), Adresse Barcelona (2002), Dirty Pretty Things (2002), Nowhere to Go But Up (2003) og En langvarig forlovelse (2004). Same året vart ho invitert som medlem i Academy of Motion Picture Arts and Sciences; akademiet som gjev ut Academy Awards, betre kjend som Oscar-prisen.

Etter å ha spelt i Forelsket - forvirret i 2005, spelte ho partneren til Tom Hanks i storfilmen Da Vinci-koden (2006). Same året spelte ho i Priceless, og året etter hadde ho hovudrolla i filmatiseringa av Anna Gavalda sin roman; Saman er ein mindre aleine. I 2009 spelte ho motedesigneren Coco Chanel i biografien Coco før Chanel.

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Coeur de cible (1996)
  • Vénus beauté (institut) (1999)
  • Den fabelaktige Amélie fra Montmartre (2001)
  • Han elsker meg... han elsker meg ikke (2002)
  • Adresse Barcelona (2002)
  • Dirty Pretty Things (2002)
  • Nowhere to Go But Up (2003)
  • En langvarig forlovelse (2004)
  • Forelsket - forvirret (2005)
  • Da Vinci-koden (2006)
  • Priceless (2006)
  • Sammen er vi mindre alene (2007)
  • Coco før Chanel (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]