Audun Lysbakken
Audun Bjørlo Lysbakken (fødd 30. september 1977) er ein norsk politikar frå Bergen. Han representerer Sosialistisk Venstreparti. Audun Lysbakken var frå 20. oktober 2009 statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, som frå 1. januar 2010 vart Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, i Regjeringa Stoltenberg II. Han trekte seg frå denne stillinga 5. mars 2012. [1] Kristin Halvorsen tok midlertidig over stillinga hans. [2] Frå den 10. mars er Lysbakken partileiar for SV. [3]
[endre] Biografi
Audun Lysbakken er fødd og oppvaksen i Bergen. Far hans er skodespelaren Sigurd Lysbakken, og mor hans er forfattar Geirdis Bjørlo. Av utdanning har han allmennfag frå Bergens Handelsgymnasium (1993–1996) og grunnfag i fransk og samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (1996–1998). Han sat i bystyret i Bergen frå 1999 til 2000, og var nestleiar i Sosialistisk Ungdom i frå 2000 til 2002. Han har arbeidd som kontorsekretær hjå Norsk Økologisk Landbrukslag (1999–2000) og journalist i Klassekampen (2000–2001).
I 2001 vart han vald som stortingsrepresentant for Hordaland fylke, og han sat fire år i Stortinget sin finanskomité. I denne perioden var han også medlem av Stortinget sin delegasjon til den parlamentariske forsamlinga i OSSE. Han var i perioden 2005–2009 fyrste vara til Stortinget. I 2009 var han 1. kandidat for SV i Hordaland. Som innvald stortingsrepresentant vart han først i oktober same året vald til parlamentarisk leiar for SV si stortingsgruppe, eit verv han hadde berre i eit par veker. Frå 2006 til 2012 var han nestleiar i SV.
Audun Lysbakken har eigen blogg på rettvenstre.no
[endre] Kjelde
[endre] Fotnotar
| Norske barneministrar | |
|---|---|
| Matz Sandman (1991) · Grete Berget (1991-96) · Sylvia Brustad (1996-97) · Valgerd Svarstad Haugland (1997-2000) · Karita Bekkemellem Orheim (2000-01) · Laila Dåvøy (2001-05) · Karita Bekkemellem (2005-07) · Manuela Ramin-Osmundsen (2007-08) · Anniken Huitfeldt (2008-09) · Audun Lysbakken (2009-2012) · Inga Marte Thorkildsen (2012- ) |
- Fødde i 1977
- Norske politikarar
- SV-politikarar
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Norske statsrådar etter 1945
- SV-statsrådar
- Norske barneministrar
- Folk frå Bergen
- Leiarar for Sosialistisk Venstreparti