Augereffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To syn på Augerprosessen

Augereffekt er ein strålingslaus overgang i atoma. Den atomfysisk prosessen vart oppdaga og forklart av Pierre Victor Auger i 1925.

Viss eit elektron i eit skal nær kjernen (K- eller L-skalet) blitt slått laus, kan eit av dei øvrige elektrona i atomet falle inn på den ledige plassen samstundes som eit tredje elektron, augerelektronet, vert slynga ut av atomet. Dermed oppstår nye ledige plassar, og prosessen kan gjenta seg, ofte fleire gonger. Når det skjer talar ein om ein augerkaskade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]