August Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døyande urskog, 1852
Foss i nedre Telemark, 1852

Herman August Cappelen (fødd 1. mai 1827 i Skien, død 8. juli 1852 i Düsseldorf) var ein norsk nasjonalromantisk målar tett knytt til Düsseldorfskulen. August Cappelen vert rekna som ein bråmogen og evnerik kunstnar, som i løpet av dei siste to åra av det korte livet sitt nådde fram til ein eigen, personleg stil.

Han var son til verkseigar Diderik von Cappelen og Edel Løvenskiold. Familien flytta i 1835 til storgarden Holden på Ulefoss ved Norsjø, og August voks opp her. Han tok artium i Skien 1845, og studerte i Oslo den etterfølgjande vinteren. Her møtte han Hans Gude, og dei to vart vener. Sommaren 1846 drog Cappelen, Gude og Johan Fredrik Eckersberg på studiereise til Gudbrandsdalen, Mysuseter, Vågå og Bøverdalen.

Hausten 1846 reiste Cappelen til Düsseldorf, der han studerte. Her budde han det meste av tida fram til 1850. Han var visst ikkje innskriven som elev ved kunstakademiet, men i ettertid vart han like fullt nemnt, av akademileiaren Schadow, som elev. Cappelen døydde av ein svulst i magen. Han vart gravlagd i Düsseldorf, men leivningane er seinare ført heim til Noreg.

Kjende verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1850 - Kvernhus. Bildet vakte debatt i Christiania Kunstforening
  • 1851 - Utsikt over Norsjø
  • 1852 - Skogtjern
  • 1852 - Svarttjern
  • 1852 - Foss i nedre Telemark. «Hans mest helstøpte verk», ifølgje Norsk kunstnerleksikon.
  • 1852 - Døyande urskog. Uferdig ved kunstnerens død. «Er blitt oppfattet som et slags kunstnerisk testamente og symbol på hans skjebne», ifølgje Norsk kunstnerleksikon.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Holger Kofoed. «August Cappelen». I: Norsk biografisk leksikon. Bind 2. 2000
  • Magne Malmanger. August Cappelen. Messel forlag, 1997 (utstillingskatalog, Astrup Fearnley museet)
  • Ingeborg Vibe. August Cappelen: skoglandskap, tegninger og oljestudier fra våre samlinger. Nasjonalgalleriet, 1997. (Utstillingskatalog)
  • Norsk kunstnerleksikon. Bind 2. 1982. (hovudkjelde for artikkelen)
  • August Cappelens brev. Utgitt med et biografisk omriss av Einar Østvedt. 1952
  • Sigurd Willoch. August Cappelen og den romantiske landskapskunst. 1928
  • Rolf Thommessen. August Cappelen og hans samtid, et afsnit af den norske smags historie. 1906.