August Embretsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

August Embretsen (19. oktober 186926. desember 1914) var ein norsk snikkar, gardbrukar og stortingsmann frå Åsnes, medlem av Arbeidarpartiet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Embretsen var frå garden Ingelsrud i Åsnes, eit bruk som far hans dreiv. Sjølv gjekk han amtsskulen og byrja i 1896 i snikkarlære i Kristiania. Sidan arbeidde han som snikkar og gardbrukar i heimbygda Åsnes.

I 1904 var Embretsen med å stifte Hedmark Arbeiderparti, der han vart fyrste formann. Same året vart han vald inn i kommunestyret i Åsnes. Som lokalpolitikar i Åsnes var han sentral i oppkjøpet av avisa Solungen, som Arbeiderpartiet eigde frå 1. januar 1907.[1] I 1910 vart han den første ordføraren i Åsnes som representerte Arbeiderpartiet.[2]

Embretsen vart vald inn på Stortinget i 1909 frå valkrinsen Solør, på tinget var han medlem av kyrkjekomiteen. Etter han vart attvald hausten i 1912, tok han sete i vegkomiteen og i Lagtinget. Han døydde året før stortingsperioden var over, Theodor Aaset tok då over ombodet etter han.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Solbakken, Evald (1951). Det røde fylke. Trekk av den politiske arbeiderbevegelse i Hedmark gjennom 100 år. Hamar: Hedmark Arbeiderparti. ss. 126–131. 
  2. Solbakken, 1951: s. 151
  3. Dødsfald, 29. desember 1914, s. 2