August Leskien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
August Leskien.

August Leskien (8. juli 184020. september 1916) var ein tysk indoeuropeist og slavist.

Leskien studerte først under Georg Curtius ved universitetet i Kiel, og følgde sidan denne til universitetet i Leipzig. Han studerte òg samanliknande indoeuropeisk språkvitskap under August Schleicher ved universitetet i Jena. I 1870 vart han den første professoren i slaviske språk ved universitetet i Leipzig. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av den jungrammatiske skulen i Leipzig, saman med Karl Brugmann, Hermann Osthoff og Berthold Delbrück. Ved sida av sørslaviske språk studerte han først og fremst gamalkirkeslavisk og litauisk.

Kilder[endre | endre wikiteksten]